Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra med folk på gudstenesta

Jon Olav Ørsal Sundag 10. mars 2024

Det var god deltaking på dagens gudsteneste i Todalen kyrkje – over førti deltakarar må være bra i det fine, men kalde vêret.  Det var Hans Arne Akerø som var vikarprest i dag, medan Bernt Bøe vikarierte på orgelkrakken og Randi V. Bøe var klokkar/tekstlesar.  

Vikarprest Hans Arne Akerø i Todalen kyrkje. Foto Jon Olav Ørsal

I dagens preken tok Akerø utgangspunkt i evangeliet etter Johannes, og Jesus samtalar med Nikodemus.  Presten kommenterte at det no er populært med bibelske namn igjen, men at det ikkje er nokon som heiter Nikodemus no for tida.  

Som vanleg var det flott  salmesong i kyrkja – berre det gjer at det er verdt å ta turen til kyrkja for den som likar salmesong og korsong.  Neste gudsteneste i Todalen skjer i friluft – på Tjønnmyra 2. påskedag kl 12 – med kyrkja som reserve i tilfelle dårleg vêr.  Dagens takkoffer gikk til trusopplæringa i soknet, og dersom du vil, kan du bidra via Vipps# 506908.  Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe og triveleg samling ved utgangen.  

Frå kaffebordet – det vart servert kyrkjekaffe etter gudstenesta – frå venstre Johanne Halset, Anders Halset, Sverre Hatle, Anders Todalshaug, Randi Sogge, Vidar Sogge og Nils Magnar Torvik. Foto Jon Olav Ørsal

Det vårast rundt Todalen kyrkje, sjølv om det enno er nattkaldt. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 10. mars 2024, 14:14