Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Røkte går» – russerevy av beste slag

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. mars 2024

Blir like imponert kvar gong eg er på revy – imponoert over at eit russekull, eller rettare sagt ein avgangklasse på vidaregåande kan lage så god underhaldning.  Onsdag kveld var vi invitert på generalprøve på årets russerevy, og det var ei stor oppleving. 

Andrea, Magnus og Kirsten marie i Hannhoinn. Foto Jon Olav Ørsal

Det var halvanna time med god underhaldning, med mykje song, musikk og dans, og mange herlege innslag med spark både hit og dit – mot politikarar, både lokale, regionale og nasjonale – både med og utan nye sjansar.  Godt og variert program som vi trygt kan anbefale for ein og kvar.  

Du bli hva du spiser» med Andrea, Mathea, Anja og Marianne. Foto Jon Olav Ørsal

Russerevyen skal ha tre forestillingar – torsdag 7. mars er det premiere, og i tillegg er det forestillingar fredag 8. og laurdag 9. mars  – billettar får du kjøpt på kulturhuset eller på nettsida til Surnadal kulturhus – her kan du klikke deg rett inn!

Avslutningsnummer med alle på scena – foto Jon Olav Ørsal

Tattoo-fail med Andrea, Audun og Marianne – foto jon Olav Ørsal

Strikkemysteriet – innbrudd hos Marthe Helgetun foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. mars 2024, 23:16