Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2026

Vi fann 19 artiklar i dette arkivet.


Basar i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 9. oktober 2026

Todalen sanitetsforening arrangerer basar 22. oktober.


Atleta inviterer til 20-årsfeiring

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 9. oktober 2026

Onsdag 7. oktober var det 20 år sidan Atleta opna dørene, noko dei feirar med opa veke no haustferieveka, altså veke 42 frå måndag 12. oktober til og med søndag 18. oktober. Nedanfor kan ein lese kva Atleta sjølv skriv om jubileumsfeiringa.  


Sette straum og forsyningstryggleik til Todalen på agendaen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. oktober 2026

Tysdag sist vrke tok Svorka initiativet til eit møte med næringslivet og frivilligheita i Todalen, der «Forsyningssikkerhet på strøm og internett» sto på agendaen. Med på møtet var også OK Partners, som har spesialisert seg på akkurat det å finne løysningar på akkurat det Todalen opplevde under Amy i fjor haust, at bygda var utan straum, internett og mobildekning over ein lengre periode.  


Dalavegen blir nattstengt i neste veke

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. oktober 2026

I samband med gravearbeidet for legging av breiband fram til Kårvatn vil det neste veke bli nødvendig å stenge Dalavegen kvar natt frå søndag 11. oktober til om med natt til fredag 16. oktober – kvar natt i tidsrommet kl 22:00 til kl 07:00 neste dag.  Vegen blir stengt i området frå Sandbakkan og fram […]


Inviterer til kulturkveld i Stangvik prestegard

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 7. oktober 2026

Tysdag 13. oktober klokka 19.00 inviterer Stangvik sokneråd, til det dei håper vil bli ein ny tradisjon, ein kulturkveld i vakre Stangvik prestegard. 


Inviterer til markering av Verdensdagen for psykisk helse

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. oktober 2026

Fredag 9. oktober klokka 10:00 – 12:00 inviterer Psykisk helse- og rustenesta i Surnadal kommune, Surnadal frivilligsentral og Surnadal sanitetsforening. til lokal markering av Verdensdagen for psykisk helse i lokala til frivilligsentralen på Surnadal kulturhus.



Demensforeninga: – Startar pårørandeskule – no er det tid for påmelding

Jon Olav Ørsal Måndag 5. oktober 2026

Surnadal demensforening og helselag og Rindal demensforening startar i haust Pårørandeskule i lag med kommunane i Surnadal og Rindal.  Pårørandeskulen er meint som eit tilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein ven  med demenssjukdom – eller som er spesielt interessert.


Jakthelg på det jamne

Jon Olav Ørsal Sundag 4. oktober 2026

Vi er no godt inne i jakttida for både storvilt og småvilt.  Denne helga skriv seg inn i historia som ei jakthelg med lite resultat, og det er gjengs for alle jaktlaga er det er få uttellingar på dyr.  Det er felt nokre dyr på Kårvatn og Talgø, medan det er heller lite resultat nedafor Falla. 


Høgt og lågt på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 4. oktober 2026

Det er lang avstand mellom den sjølvdestruktive drosjesjåføren på gateplan i New York til den norske fjellklatraren på toppen av Mount Everest. Nådelaust er det uansett, men på kvar sin måte.


Kløvertur langs Elvepromenaden med servering

Dordi Jorunn Halle Sundag 4. oktober 2026

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 5. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Triveleg strikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Laurdag 3. oktober 2026

Første laurdagen i oktober inviterte Sanitetsforeninga til strikkekaffe. Det vart ei triveleg ettermiddagsstund i Sanitetshuset.