Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2026

Vi fann 68 artiklar i dette arkivet.


Fredrikkekaffe med godt oppmøte

Dordi Jorunn Halle Laurdag 28. februar 2026

Sol og fint ver ute denne siste dagen i februar, og strikkekaffe med godt oppmøte inne i Sanitetshuset.


Matnyttig kurs i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. februar 2026

Laurdag arrangerte Svinviks arboret eit halvdags kurs i kvisting og stell av frukttre i private hagar. Kursleiar var Patrick Nilsen, som har vor fagansvarleg for alt som veks i arboretet – den jobben har han hatt sia nyttår i fjor.


Kom i god psykisk form med friluftsliv

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. februar 2026

I ei pressemelding frå Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal no på ettermiddagen, blir vi fortalt at friluftsliv er verdas beste medisin. Friluftsliv er i følge pressemeldinga godt både for vår fysiske- og psykiske helse. Pressemeldinga kan ein lese nedanfor:


ReMidt sin tømmekalender for mars og april lagt inn

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. februar 2026

Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og pappemballasje, plast og matavfall, for mars og april 2026 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for mai og juni 2026 blir lagt ut i slutten av april.


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 26. februar 2026

odalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 28. februar i tidsrommet 13:00 – 16:00. 


Årsmøte i Pensjonistforbundet Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. februar 2026

Onsdag hadde styret Pensjonistforbundet Surnadal kalla inn sine medlemmer til årsmøte på Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. Ann-Sissel U. Mogstad har sendt oss eit lite referat frå årsmøtet.


Årsmøte i Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Onsdag 25. februar 2026

Sanitetsforeninga arrangerte årsmøte i Sanitetshuset tysdag 24. februar. Leiar Solveig Glærum opna møtet og ønskte vel møtt. Ho syntest det var riktig bra at heile 17 medlemmar var møtt fram.


Oppgradering av butikken – klart til sesongstart

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. februar 2026

Hageland Surnadal opna våren 2013 etter ein hektisk byggeperiode gjennom hausten og vinteren 2012.  Området som er bruka til sal og utstilling av planter, busker og hageutstyr er på rundt 4800 m2, og er faktisk det største hagesentret på Nordmøre.  Etter drift i 13 sesongar trengs det ein «facelift», så no er det sett i gang arbeid med oppgradering og modernisering, fortel Anita Talgø ved Hageland Surnadal.


Eigedomsskatteseddel for 2026

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. februar 2026

Surnadal kommune sender no ut Eigedomsskatteseddelen for 2026. Eigedomsskatteseddelen blir sendt til alle heimelshavarar for eigedomen og inneheld opplysningar om eigedomen, verdsetting, skattesats og utlikna eigedomsskatt.  



Frosne rør og meir enn ei veke med ventetid på rørleggar

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. februar 2026

Rørleggarane står på natt og dag for å tine frosne vassrør.  Jostein Aune som er fagleg leiar i Næss Rør & Interiør fortel at det er mellom ei og to vekers ventetid på tining av frosne vassrør.  -Vi har to lag ute på vasstining, og får ikkje gjort noko anna no om dagen.   I dag var det turen til Husby og Halle vasslag i Todalen som har frosne rør til 3 abbonnentar i Husby-grenda som fikk hjelp da vi trefte Jostein Aune og Paul Ove Sandvik i full sving.


Årsmøte i Surnadal Heimbygdlag

Dordi Jorunn Halle Tysdag 24. februar 2026

Eivind Hasle takka av som styremdlem og skrivar i Surnadal Heimbygdlag på årsmøtet måndag 23. februar. Han fekk stor takk, ros og velfortente blomster for innsatsen gjennom mange år!