Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2026

Vi fann 23 artiklar i dette arkivet.


Glakoret! – Bli med i det nye Helsekoret…

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. august 2026

Har du lyst til å bli med på korsong?  – Da er kanskje det nye Helsekoret midt i blinken for deg.  Å synge i kor er veldig sosialt og vi legg ikkje lista høgare enn at alle kan bli med.
Korsong er ei positiv oppleving og for betre helse gjennom at du får oppleve trivsel i lag med nye venner. 


Raus gåve til Heimesjukepleia

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. august 2026

Tysdag var det offisiell overlevering av ein ny løftestol frå Surnadal denensforening og helselag, til Heimesjukepleia i Surnadal.  Ein slik løftestol har lenge stått på ønskelista, men så langt har det ikkje vore plass på budsjettet – prisen for ein slik løftestol er i overkant av 60.000, og det er rekna som naudsynt uttyr som sponsorane ikkje vil være med å bidra til, fortel Lilly Gunn Nyheim som er nestleiar i demensforeninga.


Vil ha trygg trafikk i skuleområdet på Øye

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. august 2026

Neste veke er det skulestart, og dermed er det behov for å sette fokus på at skulevegen skal være trygg for alle.  Ikkje minst kjem det ein ny årgang med førsteklassingar som er uvant til å ferdast i områder med mykje trafikk og hektisk aktivitet.  Ordførar Hugo Pedersen er oppteken av at skulevegen skal være trygg for alle, og dreg no igang ei haldningsskapane kampanje for å auke trafikksikkerheita.


Trollheimen Ultra 100 – start komande laurdag

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. august 2026

Det er Trollheimen fjellsportklubb som er arrangør når startskotet går kl 6:00 komande laurdag.  Da legg 65 løparar ut på ein rundtur i Trollheimen som måler 100 kilometer, eller om du heller vil på 10 mil.  Det er start på Bordholmen og så går løypa via Toåa tursti og etter vegen oppover til Kårvatn før løparane stikk til fjells.Til saman har løypa 3700 høgdemeter og er utruleg krevjande. 


Klart for ein søt, salt og syrleg Stangvikfestival

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. august 2026

Stangvikfestivalen, som såg dagens lys første gong i 1996, blir no arrangert anna kvart år, og blir i år arrangert i perioden tysdag 11. august til og med søndag 16. august. Årets festival har eit variert program med mange tema og høgt musikalsk nivå. Her er det noko for ein kvar smak og for alle aldrar, der fleire av arrangementa er gratis.  


Stavgangarane til Todalen og Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. august 2026

Torsdag 13 august inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgang i Todalen og Toåa tursti. Oppmøte klokka 11:00.


Kaiarbeidet i gang – i dag starta vegarbeidet

Jon Olav Ørsal Måndag 10. august 2026

I dag starta entreprenøren Bredensen arbeidet med å bygge veg ned til området der det nye kaianlegget skal bygges.  – Vi måførst bygge veg, slik at vi kan kome ned med maskiner, først og fremst til arbeidet med peling og seinare betongarbeid på den nye kaia ved elskarberget.  Bredesen reknar med at dei vil halde på med dette prosjektet fram mot jul, før dei er ferdig med sin del. 


Ola Vikan til topps i Østlandscup

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 9. august 2026

Laurdag deltok Ola Vikan (14), i tredje av fire rundar i Østlandscup, som vart køyrt på Rudskogen Mortorsportsenter i Rakkestad kommune i Østfold. Ola, som representerer Surnadal Motosportklubb i klassen MX 85 13 – 15 år, starta med å vinne treningsheatet, og viste allereie med det at han var klar for laurdagens konkurranse. 


Bli med Fjellgruppa til Jøldalshytta

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. august 2026

Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal på fjelltur til Jøldalshytta i Rennebu kommune. Merk at turen denne gpngen er på onsdag! – Grunnen til dette er at dette ser ut til å bli den beste værdagen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa. – Derfor gjer vi eit unntak og flytter turen til Jøldalshytta frå tirsdag til onsdag, legg han til.


Spansk aften samla eit førtital til Paella

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. august 2026

Det var nok mange som runda av ferien med spansk aften i Skulstuå på fredagskvelden.  Siri Lund og ektemannen Francesc stod som vertskap, og dei bydde på Paella , tapas og anna spansk mat til eit førtitals gjestar som møtte opp.  Det kom folk frå nær og fjern, sjølvsagt mest todalingar, men også frå rundt omkring – venner både frå Kristiansund og andre plassar. 


Inviterer til tolv vekers frisklivskurs

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. august 2026

Kjenner du deg sliten og tappet for energi? Kroppen spelar kanskje ikkje heilt på lag? Det er spørsmåla Friskliv og Meistring i Surnadal kommune stiller i samband med at dei inviterer til tolv vekers frisklivskurs. 


God stemning sjølv om vêret var grått

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. august 2026

(Trollheimsporten.no) Torsdag kveld inviterte Fiskeutvalget i Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til «fiskesommer» i Røe Slettneset på Nordvik. Målgruppa for sjølve fiskekonkurransen var barn og unge, og det var gratis å delta.