Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2026

Vi fann 98 artiklar i dette arkivet.


Trekingslister for påskebasaren på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 31. mars 2026

Tysdag kveld inviterte Nordvik Grendalag til påskebasar i Nordvik forsamlingshs. I tillegg til stort basarbord med knapt førte gevinstar, sal av kaffe og kaker, var det pilkast. Her vann Iben Marie Frøhaug klassen for barn, medan Anne Mari Eilertsen vann vaksenklassen. 


Todalshytta gjentek suksessen frå sist laurdag

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mars 2026

Påskeaftan (laurdag 4.4.), frå kl. 18:00 og utover, inviterer Todalshytta på pizza, bobler og sensurerte kjærleiks dikt – som blir lest av forfattaran sjølv, Aune Sand. – Vi har alt ein del bestillingar, og her er det «førstemann til mølla», fortel Arve Evensen som minner om påmelding og førehandsbetaling med kr 750,- pr kuvert. (Det inkluderer inngangsbillett, pizza og et glass med gode bobler).


Galleri Sand Nordmøre – opningstider i påska 2026

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mars 2026

Det har vore gode besøkstal for Galleri Sand Nordmøre som er lokalisert i Todalen Skule – det var ein brakstart den 11. mars, med kombinert nyopning av galleriet i kombinasjon med dobbeltjubileum for brødrene Vemund og Aune Sand, som begge fylte 60 denne dagen.  Det er inge som veit det nøyaktig, men det var nok minst eit par tusen som var innom i løpet av denne dagen. 


Hugs bandtvang for hund frå onsdag 1. april

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 31. mars 2026

Frå og med onsdag 1. april til og med torsdag 31. oktober, er det bandtvang for hund i Surnadal kommune. Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1. apil – 20. august, men Surnadal kommune har eiga forskrift om bandtvang, som betyr at Surnadal kommune har lengre bandtvangperiode enn det Hundelova seier.



Inviterer til «Påskequiz» i Todalen ungdomshus

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 30. mars 2026

Todalen bøgdalag inviterer til «Påskequiz» i Todalen ungdomshus onsdag 1. april (onsdag før skjertorsdag) frå klokka 19:00, og dette er ikkje ein «aprilspøk». «Påskequzen» tek til klokka 20:00. Fine premiar til dei to beste laga. Det blir sal av brus, øl og snacks.


Vårpuss på bruene langs fylkesvegane

Jon Olav Ørsal Måndag 30. mars 2026

Ola Svinsås frå Veidekke var i dag ute på ein runde for ein omgang med vårpuss på bruene på Fylkesvegane rundt bygda.  Utrusta med ein stor vasstank, høgtrøkkspylar og strumagregat fekk dei ein omgang for å fjerne strøsand som har samla seg gjennom fleire sesongar og mose som har grodd fast på brudekket og pårekkverket.


Påskekrim 2026 startar onsdag

Guro Redalen Måndag 30. mars 2026

I beit for lesestoff i påska? Frykt ikkje! Årets svært lokale påskekrim kjem her på todalen.no frå onsdag: «Operasjon Ekko – eller: Når fjellet er stille, svarar dalen»

Alt tyder på at årets mysterium inneheld merkelege plystringar, suspekt wifi, atmosfæresensorar på bærtur og eit par todalingar som tek både natur og teknologi på største alvor (utan å få fasiten av den grunn). Heng på!


VM-bronse til Aron i dagens sprint

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2026

Aron Rodal Haugen sikra seg i dag bronsemedalje i dagens sprint under VM i Puy Saint Vincent i Frankrike.  Det var faktisk 3 av dei norske deltakarane i Klasse U20-menn som gikk vidare til kvartfinalen, medan Aron var den einaste som gikk viadare til Semifinalen og til slutt sikra seg 3.-plassen i finalen.  Det vart i dag dobbelt italiensk i teten, med Aron på 3.-plass 5,9 sekund etter Milesi Lorenso.


Hugs å søke om sletting av studiegjeld!

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 28. mars 2026

Bur ein i Surnadal kommune, eller ein annan distriktskommune, og har rett til å få sletta studiegjeld, må ein hugse å søke innan den fristen som gjeld for den enkelte ordninga. For fleire av ordnongane er fristen no den 31. mars. Til no har over 46 000 søkt på regjeringa si ordning om å få sletta deler av studiegjelda si.


Natta mellom laurdag og søndag blir ein time kortare!

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2026

Natt til søndag blir det nemleg innført sommartid, og det medfører at klokka flyttes ein time fram, frå klokka 2 til klokka 3.  Ein god regel å hugse på i samband med sommartida er at ein alltid stiller klokka mot sommaren – det gjeld både vår og haust.


Litt informasjon frå kommunen inn mot påska

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. mars 2026

Surnadal kommune kjem inn mot påska med litt informasjon om opningstider på kommunehuset og legesenteret, samt informasjon om vakttelefonar. Kommunen minner også om at det er betydeleg snøskredfare i Trollheimen og oppmodar alle som skal til fjells om å følge med på varsom.no før ein legg ut på tur i fjellet.