Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fornying av støttemedlemskap i Todalen.no

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. mars 2024

Da er tida inne for å fornye støttemedlemskapet sitt i Todalen.no. Støttemedlemskapet kostar kroner 200,- per person per år. Dei som er registrert med e-postadresse har allereie fått faktura for støttemedlemskap i innboksen, medan dei som ikkje har registrert e-postadresse får faktura i posten i nærmaste framtid. 

Det er mogleg å betale støttemedlemskap på tilsendte faktura eller med Vipps til nummer 107600. 

For dei som enno ikkje har registrert e-postadresse, kan ein gjere dette ved på Registrering av e-postadresse. E-postadressa vil berre bli bruka av todalen.no, og vil ikkje vere offentleg tilgjengeleg på nokon måte. 
 
Det er også mogleg å skrive inn e-postadressa si i kommentarfeltet når ein betaler med Vipps.

For å drifte Todalen.no, er vi avhengige av inntekter. Eit støttemedlemskap er difor eit viktig bidrag til drifta av nettsida. Todalen.no håper difor du framleis vil vere med å støtte arbeidet vårt. 

Om du ikkje allereie er støttemedlem, men ønsker å bli det, send e-post til: Todalen.no eller vipps kroner 200,- til 107600 og bli med på laget. Du kan også skanne QR-koden nedanfor! 

 

Publisert: 11. mars 2024, 09:00