Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2021

Vi fann 85 artiklar i dette arkivet.


Program for 17.mai i Todalen 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. april 2021

Som ein direkte konsekvens av koronasituasjonen, blir årets 17.maifeiringa i Todalen slik som i fjor. Det vil seie biltog frå Matkroken Todalen klokka 11:00 – oppover til Gammelfabrikken – og nedatt på sørsida til Matkroken. Feiringa blir avslutta med 17.maigudsteneste i Todalen kyrkje klokka 14:00. 


Svorka gjennomfører ettersyn av linjenettet sitt med helikopter

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. april 2021

I ei pressemelding frå Svorka i dag, blir det orientert om at dei, frå onsdag 21.april og ei lita veke framover, vil gjennomføre ettersyn av linjenettet sitt med lågt flygande helikpoter. Svorka vil i år ettersjå heile høgspentlinjenettet sitt ved å bruke helikopter. 


Fagleg vurdering av moglege nye nasjonalparkområder

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. april 2021

I eit orienteringsbrev frå Miljøverndirektoratet 15.jaunuar 2021, blir 75 av landets kommunar orientert om at direktoratet har igangsett ei fagleg vurdering av om det er områder der det kan vere aktuelle å utvide dagens landskapsverneområder. Vurderinga inneheld òg ei eventuell omgjering av delar av dagens landskapsverneområder til nasjonalparkar. Surnadal kommune, er ein av dei 75 kommunane som har motteke orienteringsbrevet. For Todalen vil den skisserte utvidinga av Trollheimen landskapsverneområde bety at grensa til landskapsverneområdet kjem nesten heilt ned til husa på Kårvatn. 


Kløvertur til Båthølen, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 18. april 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 19. april. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


Viktig informasjon frå Todalen Idrettslag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 18. april 2021

Todalen Idrettslag held no på med oppdatering av medlemsbasen sin for å kunne sende ut medlemskontingenten for 2021. I samband med dette registrerer dei epostadressa til medlemmene sine. Dette gjer at mange, no i helga, har fått ein epost frå Norges Idrettsforbund. Denne eposten ser slik ut:  


Stor utfart i det fine helgevêret

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. april 2021

Det er stor utfart med folk som dreg på skitur i finvêret.  Stor variasjon i valg av turmål er det også, og laurdag føremiddag registrerte vi stor biltrafikk og massevis av biler på parkeringsplassane ved ymse turmål.  Vi tok turen til fots og turmålet var Øygardshalsen som er eit moderat turmål og ein del av Søyatraseen – med start frå Vang.


Målprisen 2020 til Kjellaug Handegard Brørs og Styrkår Brørs

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 17. april 2021

I ei pressemelding frå Nordmøre Mållag no i dag, vart vinnarane av Målprisen 2020 offentleggjort. Under årsmøtet til Nordmøre Mållag laurdag 17. april, vart det klart at Kjellaug Handegard Brørs og Styrkår Brørs frå Surnadal har vorte tildelt Målprisen 2020.


SpareBank1 SMN gjentek suksessen med støtte til sommarjobb for ungdom

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 17. april 2021

SpareBank1 SMN vil i år, som i fjor, gje lønstilskot på 7.000 kroner per sommarjobb for ungdom til bedrifter i Midt-Norge. Lønstilskotet blir gjeve til bedrifter som tilbyr ungdommar i alderen 16 – 25 sommarjobb i minst tre veker. I fjor vart det gjeve lønstilskot til 500 sommarjobbar for ungdom. I år håper SpareBank1 SMN å kunne gje dette tilbodet til 600 ungdommar. Eit skikkeleg prisverdig tiltak, spesielt i ei tid der det kan vere vanskeleg for ungdommar å finne sommarjobb på grunn av koronasituasjonen.  


Hektiske dagar mot sesongopning på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. april 2021

Det er enno ei stund til sesongopninga på Todalshytta ein gong i mai, men her har det skjedd store endringar og det er mykje som skal på plass før den tid.  No er vi komne så langt at den eine brikken etter den andre fell på plass – for eit par dagar sia kom kokken som skal sørge at både laksefiskarar og andre får god og spanane mat på bordet i sommar, fortel Arve Evensen som er vert på Todalshytta.


16.04.2021: Status for koronavaksineringa veke 17

Jon Olav Ørsal Fredag 16. april 2021

Det går framover med vaksineringa, og Surnadal kommune kallar no inn kandidatar til vaksinering for veke 17.  I alt 252 vaksinedoser skal settast fredag 30. april, og dette blir ny rekord så langt, fortel Anne Lise With Vullum i ei pressemelding til Todalen.no.  Bla videre og les info detaljar for vaksineringsarbeidet i veke 17 


Framleis stor rasfare i Todalsfjella

Jon Olav Ørsal Fredag 16. april 2021

Måndag viste vi bilete frå Litj-fjellet og åtvara mot rasfare – i dag er det grunn til å gjenta denne åtvaringa.  No er det neleg gått ras i området ovafor Ansnessetra – i fjellsida opp mot Litj-fjellet.  Har du tenkt deg til fjells i helga, så er det iallfall all grunn til å utvise stor […]


Dei første «gjetargutstasjonane» er komne på plass

Jon Olav Ørsal Fredag 16. april 2021

Dei første basestasjonane som Surnadal og Rindal beitelag skal plassere ut i samband med «Gjetargut»-prosjektet er no komne på plass. 4 av dei 11 stasjonane er plassert ut og er klare for drift. Torsdag kveld var det transport til Rambjøra og montering av utstyret der.