Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

16.04.2021: Status for koronavaksineringa veke 17

Jon Olav Ørsal Fredag 16. april 2021
Det går framover med vaksineringa, og Surnadal kommune kallar no inn kandidatar til vaksinering for veke 17.  I alt 252 vaksinedoser skal settast fredag 30. april, og dette blir ny rekord så langt, fortel Anne Lise With Vullum i ei pressemelding til Todalen.no.  Bla videre og les info detaljar for vaksineringsarbeidet i veke 17 

Koronavaksinering fredag 30. april

Det kjem fleire doser til Norge i veke 17 enn vi har fått tidlegare, i alt 252 doser. Av desse går 175 til vaksinering med dose 1 og resten til vaksinering med dose 2. Vi vaksinerer framleis kun med vaksinetypen frå BioNTech/Pfizer.

Målgruppe for vaksinering med dose 1 er gruppe 4, alder 65 – 74 år og personar i alder 18 – 64 år med forhøga risiko. Målgruppe for vaksinering med dose 2  er personar i gruppe 3, alder 75 – 84 år.

Viktig å takke ja eller nei

Vi ber om at ein gir tilbakemelding på SMS-innkalling til dose 1 ved å logge seg på c19.no med ID-porten. Dersom ein ikkje har mulegheit til å gi tilbakemelding digitalt, kan ein ringe Vaksinetelefonen: 913 79 001, mån. – fre. kl. 09.00-1500.

Dersom tidspunktet ikkje passar

I c19 kan du endre tidspunkt for vaksinering på same dato, dersom tidspunktet ikkje passar. Det er viktig at ein ikkje avbestiller i c19. Ring Vaksinetelefonen dersom du ikkje kan møte til avtalt dato. 

Praktisk informasjon

  • Bruk inngangen du får oppgjeve i SMS-innkallinga når du kjem til Kulturhuset. Det ligg kart over inngang A, B og C på kommunen si nettside for koronavaksinering
  • Hugs å ta med utfylt eigenerklæringsskjema som du har fått i posten og gyldig legitimasjon. Eigenerklæringsskjemaet og sjekkliste før vaksinering finn du også på kommunen si nettside for koronavaksinering.
  • Ha på munnbind og bruk ermer som er lette å brette opp.

Oppmøtetid på Surnadal Kulturhus: Maks 15 minutt før avtalt tidspunkt.

Publisert: 16. april 2021, 14:55