Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Framleis stor rasfare i Todalsfjella

Jon Olav Ørsal Fredag 16. april 2021

Måndag viste vi bilete frå Litj-fjellet og åtvara mot rasfare – i dag er det grunn til å gjenta denne åtvaringa.  No er det neleg gått ras i området ovafor Ansnessetra – i fjellsida opp mot Litj-fjellet.  Har du tenkt deg til fjells i helga, så er det iallfall all grunn til å utvise stor forsiktigheit.

Vi anbefaler derfor å følge godt med på skredvarslinga på varsom.no, der det enno er orange varsel – kategori 3 for heile Trollheimen.  Det er varsel som gjeld fredag og laurdag.  Søndag er ikkje vurdert enno i skrivande stund.

her gikk skidårene på bildet frå måndag. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. april 2021, 11:38