Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fagleg vurdering av moglege nye nasjonalparkområder

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. april 2021

I eit orienteringsbrev frå Miljøverndirektoratet 15.jaunuar 2021, blir 75 av landets kommunar orientert om at direktoratet har igangsett ei fagleg vurdering av om det er områder der det kan vere aktuelle å utvide dagens landskapsverneområder. Vurderinga inneheld òg ei eventuell omgjering av delar av dagens landskapsverneområder til nasjonalparkar. Surnadal kommune, er ein av dei 75 kommunane som har motteke orienteringsbrevet. For Todalen vil den skisserte utvidinga av Trollheimen landskapsverneområde bety at grensa til landskapsverneområdet kjem nesten heilt ned til husa på Kårvatn. 

Heile orienteringsbrevet kan du lese her: Faglig vurdering av mulige nye nasjonalparkområder 

Ei eventuell utviding av Trollheimen landskapsverneområde er per i dag på «ide-stadiet». At landskapsverneområdet til slutt blir utvida som skissert eller blir omgjort til nasjonalpark er likevel lite sannsynleg. At landskapsverneområdet derimot, på ein eller anna måte, til slutt blir utvida og at deler av landskapsverneområdet blir omgjord til nasjonalpark, er det likevel grunn til å tru vil bli sluttresultatet. Surnadal kommune, ved kommunedirektør Knut Haugen, har sendt svar til Miljøverndirektoratet i saka. Her blir det m.a. peika på at områda som er skisserte som mogleg utviding omfattar:

  • Områder med allereie store utbygde hyttefelt og ferdigregulerte hyttetomter.
  • Områder som i dag blir nytta til beiteområder.
  • Områder som i dag blir nytta til aktivt skogbruk. 
  • Drikkevasskjelda til Nedre Surnadal. 
  • Surnadal kommune meiner og ei eventuell omgjering til nasjonalpark, kun er aktuelt i dei høgastliggande områda i dagens landskapsverneområde. 

Heile svarbrevet frå Surnadal kommune til direktoratet, kan du her: Surnadal kommune – Innspel til faglig vurdering

Miljødirektoratet har no sendt over si innstilling til Miljødepartementet. Der tilrår dei å utvide Trollheimen landskapsverneområde til å inkludere områda:

  • Storbekkdalen (Rindal kommune)
  • Okla-Storhornet
  • Gjevilvatnet/Gjevilvassdalen

I tillegg ber Miljødirektoratet om at Miljødepartementet vurdere å omgjere deler av Trollheimen og Innderdalen til nasjonalpark. 

F.v. varaordførar Hugo Pedersen og kommunedirektør Knut Haugen, her i samtale med kommuneoverlege Bjørn Buan. Foto arkiv

Grunneigar og varaordførar, Hugo Pedersen, i Surnadal er skeptisk til å omgjere deler av Trollheimen og Innerdalen til nasjonalpark. Han er redd kommunane og grunneigarane på denne måten mistar medråderett og påverknad over kva som kan gjerast og ikkje i dei områda som blir omgjort til nasjonalpark. Pedersen meiner landskapsverneområdet er tilstrekkeleg vern og at reglane allereie er strenge nok med tanke på kva som er lov og ikkje. 

– Først og fremst savner jeg informasjon om hva nasjonalpark vil innebære av ytterligere vern. Grunneierne er holdt utafor i prosessen og at det er alvorlig, seier Pedersen til avisa Driva.  

Korleis framdrifta i denne saka er tidsmessig er ikkje kjent, men saka må heilt sikkert grundig utgreiast og diskuterast, både med dei involverte grunneigarane og kommunane, før ei endeleg avgjerd blir teken. Så her går det nok år før det endelege resultatet ligg føre. 

 

 

 

Publisert: 19. april 2021, 07:30