Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2021

Vi fann 85 artiklar i dette arkivet.



Todalen Idrettslag minner om årsmøtet torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. april 2021

Styret i Todalen Idrettslag minner om årsmøtet torsdag 29.april klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Alle møtedeltakarar blir registrert med namn og telefonnummer, og får ved oppmøte tilvist plass. Dette i tråd med gjeldande smittevernreglar.  


Markeringar av frigjeringsdagen 8.mai

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. april 2021

8.mai er det 76 år sidan dei tyske militære styrkane, som hadde okkupert Norge sidan 9.april 1940, kapitulerte vilkårslaust, og den andre verdskrigen, i Norge og Europa, var over. I samband med dette vil Indre Nordmøre Forsvarsforening i samarbeid med Nordmøre Brigadeveteranforening ha fleire markeringar både i Heim og Surnadal kommunar. 


Russetreff er eit sikkert vårteikn – men litt spesielt i år

Jon Olav Ørsal Måndag 26. april 2021

Det er tid for russetreff igjen og vanlegvis er det eit sikkert vårteikn, men det siste året er det ikkje mykje som har vore sikkert – pandemien har prega både russefeiring og det meste av andre aktivitetar. At det arrangeres russetreff igjen er difor eit godt teikn og det ga også Liv Dalegg uttrykk for da ho ønska velkomen til russetreff i Kulturhuset måndag ettermiddag. I år vil russen få lov til å ha ei viss russefeiring igjen, i samråd med kommuneoverlegen.


Surnadal Pensjonistlag si fjellgruppe startar på ny sesong

Jon Olav Ørsal Måndag 26. april 2021

Snart er det klart for ny tursesong for Surnadal Pensjonistlags fjellgruppe. 11. mai er det klart for første tur som går til Kvalnesvika. Vi møtest på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje for samkjøring, på utlyst tid. Bur nokon slik til at dette medfører stor omveg, møter dei opp på parkeringsplassen der  gåturen startar. Gåturen startar kl 1100 i alle høve.


Informasjon til alle som er vaksinert med AstraZeneca

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 26. april 2021

Alle som tidlegare i vinter vart vaksinerte med vaksinetypen frå AstraZeneca får tilbod om dose 2 med vaksinetypen frå Pfizer/BioNTech eller Moderna, såkalla mRNA-vaksiner. Dette har FHI bestemt. Vaksinetypen frå AstraZeneca er inntil vidare sett på vent.


Oppmoding frå Todalen Idrettslag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 25. april 2021

Med bakgrunn i endringar i retningslinene til Norges Idrettsforbund må alle medlemmer i Todalen Idrettslag vere registrert i Idrettsforbundet sin medlemsportal «Min idrett». Dersom nokon ikkje er registrert her, får ikkje Todalen Idrettslag stønad for vedkommande, korkje frå Idrettsforbundet eller Surnadal kommune sine kulturmidlar. Todalen Idrettslag ønsker difor at alle medlemmene deira, både nye og gamle, oppdaterer e-postadressa si på nettsida: https://minidrett.nif.no/


Kløvertur i Toåa tursti, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 25. april 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 26. april.  Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


Sal av maiblomster i vinterver!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 24. april 2021

Det er eit sikkert vårteikn at Sanitetskvinnene er på plass for å selje maiblomster, men i dag lava snøen ned utanfor Halsbua. Det var lite som minte om vår, og det var lite som inspirerte til vårpynting.


Snør så det lark – men no er det håp?

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. april 2021

Ein kan vel rekne med at det er dei siste krampetrekningane frå vinteren vi opplever no om dagen. Det er nok litt forskjell på snømengden – minst nærast sjøen og mest når du kjem oppi høgda og eit stykkje frå sjøen. Det er slett ingen drømmejobb å brøyte på slikt føre.


Trygve Slagsvold Vedum med skriftleg spørsmål om royalimpregnert trekledning

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 23. april 2021

15.april stilte Senterpartileiar og Stortingsrepresentant, Trygve Slagsvold Vedum, skriftleg spørsmål til kommunal- og mederniseringsminister, Nikolai Astrup, om status for royalimpregnert kledning. Bakgrunnen for spørsmålet til Vedum  er at Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK) i januar fremma eit krav om testing av royalbehandla trekledning. 


Sal av maiblomster

Dordi Jorunn Halle Torsdag 22. april 2021

Snart er det mai og tid for vårpynt. Laurdag 24. april sel Todalen sanitetsforeining maiblomster på Matkroken.