Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snør så det lark – men no er det håp?

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. april 2021

Ein kan vel rekne med at det er dei siste krampetrekningane frå vinteren vi opplever no om dagen. Det er nok litt forskjell på snømengden – minst nærast sjøen og mest når du kjem oppi høgda og eit stykkje frå sjøen. Det er slett ingen drømmejobb å brøyte på slikt føre.

Carsten Bohle er vikarbrøytar i helga, men no ventar han på våren. Foto Jon Olav Ørsal

På Dalavegen på tur oppover til Kårvatn trefte vi Carsten Bohle som var ute på brøyterunde, og han kunne berette at det var 25-30 cm på Kårvatn frå i går til idag.  Bohle er brøytevikar til Kårvatn denne helga, og no håpar han at det er sesongslutt for brøyteplogen.  Det er Gudmund Kårvatn som brøyter Dalavegen til vanleg, men i går gikk det på skeis med framakselen på brøytetraktoren, slik at den står og ventar på verkstedopphald etter helga.  Gudmund fortel at brøyting på vårvegar som nærast har gått i oppløysing rønner sterkt på utstyret, og dermed måtte vi leie inn tenester frå Todalen Mjølk for å kome i mål denne helga. 

Det meste av Dalavegen er djupe hol som kan ta knekken både på brøyteutstyr og hjuloppheng på bilar – vegen har kanskje aldri vore i så dårleg tilstad som han er no? På bilet kjem myrjora opp og gjer at det nerast blir potetåke i køyrebanen. Foto Jon Olav Ørsal

Mykje snø! Mathias ryddar vekk snøen på terrassen til bessmor Dala. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. april 2021, 10:53