Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny vår i Surnadal – nytt vårmagasin med kortreiste gleder

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. april 2021

Vi har fått ei pressemelding frå Amfi Kreativ, der dei informerer om at årets vårmagasin for Surnadalsregionen kjem ut i dag.

Amfi Kreativ er utgjevar og samarbeider med Surnadal Næringsforening, Surnadal kommune og Lediard Foto.

Næringslivet i Surnadal bidreg med finansieringa, og Stig Husby frå Amfi Kreativ vil nytta anledninga til å skryte av dei lokale bedriftene som stiller opp, gong etter gong.

Uten dei, hadde det ikkje vore muleg å gjennomført eit slik prosjekt som dette, seier han.

Han lover eit allsidig innhald, også med lokalstoff frå Todalen. Det er viktig å halde fokus på det tilbudet vi har i Surnadalsregionen, og da er både reiseliv, handel og næring viktig å få med.

Fiskelykke i elvene våre og alt av ringverknader det følgjer med seg er omtalt i denne utgåva. Elles er kultursektoren med, og det er snart ny Vårsøghelg, fortel Stig.

Fleire lokale bedrifter ønsker å presentere seg med nye og spennande karrieremuligheiter, og Pipelife vektlegg viktigheten av fokus på automatisering og digitalisering.

Handle lokalt og støtte det lokale næringslivet er framleis svært viktig, og vil bli det lenge etter at koronasituasjonen bedrer seg, fortel Stig. Lokale bedrifter pusser opp og satser friskt i Surnadal, og det får du lese meir om i denne utgåva av vårmagasinet.

I dag starter distribusjonen til postkassane, og vi ønsker ei triveleg lesestund.

Først publisert: 28. april 2021, 06:00 - Sist oppdatert: 27. april 2021, 20:30