Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sal av maiblomster

Dordi Jorunn Halle Torsdag 22. april 2021

Snart er det mai og tid for vårpynt. Laurdag 24. april sel Todalen sanitetsforeining maiblomster på Matkroken. 

Det blir sal av bilblomster og maikransar frå kl. 10:30 til 15:30. Ein kan betale med kontantar eller VIPPS.

VIPPS-nummeret er :  101456

Maiblomstersalet er ei viktig for inntektskjelde for Sanitetskvinnene både lokalt og senrtralt. Inntekta går til arbeid for betre folkehelse, mellom anna forsking på kvinnehelse og til arbeid for barn og unge som t.d. russeprosjektet her i kommunen.

Sal av maiblomster har lang tradisjon. Maiblomster har vore i salg i Noreg sidan 1909, og kanskje alt frå 1916 i Todalen da det vart starta sanitetsforening her i bygda.

KUNSTLOTTERI

Laurdag blir det også høve til å kjøpe lodd på eit fint måleri av Marit Bergem. Ho skaper riktig fine bilete med akryl på lerret og akvarell.  Bileta hennar er prega av «fargens kraft og humor».

 

TRIM OG KULTUR

Sanitetskvinnene har p.g.a. begrensingar på sosialt samvær med arrangement og aktivitetar under pandemien oppretta ei side på Facebook som heiter «Fellessskap for seniorer». Her er det digital trim for eldre kvar tysdag og torsdag frå 10:00 til 10:30.

Måndag og onsdag les Ine Hoem frå bøkene til far sin, Edvard Hoem. No les ho frå «Slåttekar i himmelen», og 26. april startar ho på boka «Bror min på prærien». I tillegg  er det lagt ut konsertar og foredrag.

Alle tilboda ligg ute så ein kan sjå, høyre og trimme når det passar ein sjølv.

Først publisert: 22. april 2021, 23:07 - Sist oppdatert: 23. april 2021, 13:42