Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Informasjon til alle som er vaksinert med AstraZeneca

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 26. april 2021

Alle som tidlegare i vinter vart vaksinerte med vaksinetypen frå AstraZeneca får tilbod om dose 2 med vaksinetypen frå Pfizer/BioNTech eller Moderna, såkalla mRNA-vaksiner. Dette har FHI bestemt. Vaksinetypen frå AstraZeneca er inntil vidare sett på vent.

I Surnadal kommune er det stort sett helsepersonell som er vaksinerte med AstraZeneca, i tillegg til nokre tenestemottakarar. Alle som har fått første dose med AstraZeneca vil snart motta informasjon om endringa av vaksinetype for dose 2.

Dette opplyser Surnadal kommune på sine heimesider: Vakxinerte med AstraZeneca, no på føremiddagen.

Publisert: 26. april 2021, 11:05