Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppmoding frå Todalen Idrettslag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 25. april 2021

Med bakgrunn i endringar i retningslinene til Norges Idrettsforbund må alle medlemmer i Todalen Idrettslag vere registrert i Idrettsforbundet sin medlemsportal «Min idrett». Dersom nokon ikkje er registrert her, får ikkje Todalen Idrettslag stønad for vedkommande, korkje frå Idrettsforbundet eller Surnadal kommune sine kulturmidlar. Todalen Idrettslag ønsker difor at alle medlemmene deira, både nye og gamle, oppdaterer e-postadressa si på nettsida: https://minidrett.nif.no/

Min idrett er di personlege side inn mot idretten sitt  medlemsregister og idrettssystem. Her har du som medlem oversikt over alle eigne opplysningar. Du kan melde deg på konkurransar og kurs, samt betale medlemskontingent frå idrettslaget, lisensar, og påmeldingsavgifer. Ordninga er ganske og enkel å bruke. 

Om du likevel føler deg usikker, så har Idrettslaget laga ein liten instruksjonsvideo som viser deg korleis du oppdaterer kontaktinformasjonen din. Instruksjonsvideoen kan du sjå her:

 

Du kan òg sjå instruksjonsvideoen på: Todalen IL på Facebook

 

Publisert: 25. april 2021, 14:15