Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Båthølen, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 18. april 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 19. april. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.

Turruta blir slik: Frå Matkroken innover Kvennsetgarden etter vegen til Bønnavollan. Derifrå etter Toåa tursti ned til Båthølen. Der blir det kaffipause ved gapahuken. Etter pausen kan ein returnere same vegen eller gå utover langs elva.

Det er litt snø turstien, men flatt og ikkje glatt.

Yr melder godt ver!

ALLE ER VELKOMNE TIL Å BLI MED UT PÅ TUR!

Vel møtt!

Publisert: 18. april 2021, 13:21