Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka gjennomfører ettersyn av linjenettet sitt med helikopter

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. april 2021

I ei pressemelding frå Svorka i dag, blir det orientert om at dei, frå onsdag 21.april og ei lita veke framover, vil gjennomføre ettersyn av linjenettet sitt med lågt flygande helikpoter. Svorka vil i år ettersjå heile høgspentlinjenettet sitt ved å bruke helikopter. 

Svorka fortel at dei nyttar helikopter til ettersynet for å skåne naturen mest mogleg med tanke på avtrykk, samtidig som ettersyn med helikopter er tidseffektivt. Dette gjer at dei difor får meir tid til naudsynte utbetringar og vedlikehald på nettet sitt. 

Lågtflyginga vil gå føre seg ned mot 30 meters høgd. Ettersynet av Svorka sitt linjenett tek til onsdag 21.april og varer ei lita veke opplyser dei.   

Svorka håper ettersynet av linjenettet ikkje medfører ulemper for dei som bor i nærleiken av linjenettet. 

Publisert: 19. april 2021, 11:33