Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2021

Vi fann 85 artiklar i dette arkivet.


3.mai ser Sparebank1 Nordmøre dagens lys

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. april 2021

Måndag 3.mai ser altså Sparebank! Nordmøre dagens lys. Sparebank1 Nordmøre er eit resultat av at Surnadal Sparebank Slår seg saman med Sparebank1 Nordvest frå denne dagen. Målet for Sparebank1 Nordmøre vil vere å gje positive ringverkingar for banken sine kundar, eigarane, dei tilsette og ikkje minst samfunnet og området den nye banken vil vere ein del av. 


Tek lite hensyn til rasfaren i fjellet…

Jon Olav Ørsal Måndag 12. april 2021

I går vart det meldt om at det hadde gått ras i Nordviksula i løpet av dagen.  Undersøking viste at det ikkje var skispor verken inn- eller ut av raset som hadde gått i det brattaste området i framkant. I området Rambjøra og Litj-fjellet gikk det derimot ikkje ras, men der er det folk som har utfordra skjebnen på toppturen til Rambjøra og Vassnebba.


Kløvertur – blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 11. april 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 12. april.  Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Turmål blir bestemt ved oppmøte.


Trollheimen – Raudt farenivå (høgste nivå) for snøskred

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. april 2021

Varsom.no melder at det er farenivå 4, høgaste farenivå, for snøskred i Trollheimen både i dag og i morgon (laurdag og søndag). Dette skuldast at nysnøen som har kome dei siste dagane, kombinert med vind, har bygd opp ustabile fokksnølag som lett kan kome i bevegelse. Sør- og vestvende heng er mest utsett, men vind gjer at snøskred kan bli utløyst i alle himmelretningar.



«Gjetargut» skal passe mykje av sauene i Trollheimen i sommar

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. april 2021

Ein nymotens og digital «gjetargut» skal passe på sauene når dei sleppes på sommarbeite i Trollheimen. – Det er Surnadal og Rindal beitelag som går saman om å investere i elektroniske hjelpemiddel for få betre kontroll på sauene som går på beite i Trollheimen. Det er brukarar frå dei lokale sankelaga som gjennom beitelaget organiserer og utstyrer sauene med elektroniske klavar som gjennom 11 utplasserte signalmottakarar/forsterkarar skal opprette kontakt med brukarane gjennom telefonnettet. Brukarane kan dermed følgje med kva som skjer med beitedyra i fjellet.


Sikringa av den gamle dampskipskaia ved Kvanne fergekai utsett

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. april 2021

Arbeidet med sikringa av den gamle dampskipskaia ved Kvanne fergekai er utsett. Grunnen til at arbeidet er utsett, er i følge Møre og Romsdal fylkeskommune, at Mesta sin underentreprenør, som skulle utføre arbeidet aldri dukka opp, korkje med mannskap eller utstyr. Kontrakten med entreprenøren er difor no sagt opp, og ny anbodskonkurranse lyst ut. 


Fasteaksjonen med godt resultat i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. april 2021

Dei lokale sokneråda og Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon var for andre året på rad digital. På landsbasis vart det samla inn godt og vel 17,6 millionar unders årets fasteaksjon, mot 25,1 millionar i fjor. Midlane frå innsamlinga går til å skaffe tilgang til reint vatn for menneske i fattige land. Dette er eit arbeid Kirkens Nødhjelp har drive med i over 60 år, og som dei difor har gode kunnskapar om. 


Manuell dirigering i Svinviktunnelen.

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 7. april 2021

På grunn av arbeid med lysarmaturene i Svinviktunnelen er det i dag mellom klokka 09:00 – 16:00 manuell dirigering av trafikken gjennom tunnelen. Utrykningskøyrety kan passere. Alle skal stoppe og vente på ledebil! Du bør difor rekne med litt lenger tid når du skal ut av bygda i dette tidsrommet. 


DNA-analyse: Vassosjerven var ein vidfarann fant

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. april 2021

4. desember i 2020 vart det felt ein stor hannjerv ved Vassosen i Todalen.  Jervfallet vart sjølvsagt behørig dokumentert av SNO (Statens naturoppsyn) og det vart sendt inn DNA-prøve for analysering i direktoratet.  No er denne analysen klar, og vi har fått tilbakemelding frå Lars Olav Lund i SNO, med kart og info om tidlegare observasjonar. 


Status koronavaksineringa veke 14 og 15

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. april 2021

I ei pressemelding frå kommuneoverlegen har vi fått oppdatert status for Covid19 vaksineringa i Surnadal kommune denne og neste veke. Surnadal kommune får denne veka og neste veke større forsyningar med koronavaksiner frå BioNTech/Pfizer. Kommunen oppfordrar alle som får SMS-innkalling om å bruke den digitale bestillingsløysinga c19.no.