Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Status koronavaksineringa veke 14 og 15

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. april 2021

I ei pressemelding frå kommuneoverlegen har vi fått oppdatert status for Covid19 vaksineringa i Surnadal kommune denne og neste veke. Surnadal kommune får denne veka og neste veke større forsyningar med koronavaksiner frå BioNTech/Pfizer. Kommunen oppmodar alle som får SMS-innkalling om å bruke den digitale bestillingsløysinga c19.no

Aktuell målgruppe for koronavaksineringa

Nokre personar i gruppe 3 (75 – 84 år) gjenstår og blir difor kalla inn til vaksinering denne veka og neste veke. Det blir sett 162 doser den 9. april og 186 doser den 16. april. Storparten av desse vaksinene går no til gruppe 4. Dei som er i gruppe 4 er aldersgruppa 65 – 74 år, samt enkelte personar 18 – 64 år med sjukdommar som er dokumentert med forhøga risiko for alvorleg forløp ved Covid-19. Dei dette gjeld blir automatisk kalla inn til vaksinering parallelt med dei andre i gruppe 4.

Fastlege i annan kommune

Dersom du tilhøyrer risikogruppa 18 – 64 år og har fastlege i ein annan kommune, bør du ta kontakt med fastlegen din og forsikre deg om at fastlegen har meldt frå til kommunen. Dersom dette er aktuelt, må du ta kontakt med fastlegen din slik at fastlegen kan gje beskjed til vaksinekoordinator via vår Vaksinetelefon: 913 79 001.

Bestille time til koronavaksinering på c19.no

SMS-innkallingar blir sendt ut fortløpande og kommunen ber difor alle besvare innkallinga så raskt som mogleg. Hugs òg å gje tilbakemelding dersom du vil takke nei til tilbodet om vaksinering. For å unngå kø på Vaksinetelefonen ber kommunen, alle som kan, om å bruke den digitale bestillingsløysinga c19.no, som opplyst på SMS. 

På kommunens nettsider om koronavaksinering finn du ei informasjonsbrosjyre som beskriv korleis du enkelt bestiller time til vaksinering på c19.no.  Ikkje bry deg om at det står Kristiansund kommune når du loggar inn med ID-porten på c19.no. Du veljer deretter Surnadal kommune, fyller inn personalia, fødsels- og personnummer, samt mobilnummer, og får da oppgjeve tidspunktet du skal møte for vaksinering. 

Det er fullt mogleg for pårørande å logge seg inn med sin eigen elektroniske ID og bestille på vegne av andre. Har du ikkje moglegheit sjølv, eller manglar pårørande til å hjelpe deg med å bestille digitalt, kan du ringe kommunen sin Vaksinetelefonen. Ver førebudd på at det kan vere kø på telefonen.

Bytte av tildelt tidspunkt eller dato for vaksinering

c19.no er det kun mogleg å endre tidspunkt for vaksinering same vaksineringsdag. Ein kan ikkje endre dato. Dersom du av gode grunnar ikkje kan møte på tildelt dato for vaksinering, må du ringe Vaksinetelefonen for å bytte dag. 

Koronavaksineringa 9. april og 16. april

Surnadal kommune vaksinerer framleis kun med vaksinetypen frå BioNTech/Pfizer. Det er 6 veker mellom første og andre dose. Det er vaksinering både i Svorkasalen og i Storstuå på Surnadal kulturhus. Bruk den inngangen, du har fått oppgjeve på SMS, når du kjem til Kulturhuset. Du vil bli vist til stolen din av frivillige vaksinevertar. Hugs å ha på munnbind og å ta med utfylt eigenerklæringsskjema.

Har du ikkje eigenerklæringsskjemaet, kan du laste ned dette frå informasjonsmenyen her: Eigenerklæringsskjema 

Beskytt deg sjølv og andre etter første vaksinering

Hugs at du ikkje er beskytta mot Covid-19-infeksjonen rett etter at du har fått første dose med koronavaksine. Det tek eit par veker før immunsystemet er i gang. Ei veke etter andre dose, gjev vaksinen frå BioNTech/Pfizer inntil 95% dokumentert beskyttelse mot Covid-19-infeksjonen. Før du er fullvaksinert er du ikkje like godt beskytta mot sjukdom og kan òg smitte andre. Det er difor viktig å fortsette å følge dei smittevernråda som helsemyndigheitene gir i tråd med gjeldande kunnskap om effekten av vaksineringa. 

Publisert: 6. april 2021, 12:00