Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sikringa av den gamle dampskipskaia ved Kvanne fergekai utsett

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. april 2021

Arbeidet med sikringa av den gamle dampskipskaia ved Kvanne fergekai er utsett. Grunnen til at arbeidet er utsett, er i følge Møre og Romsdal fylkeskommune, at Mesta sin underentreprenør, som skulle utføre arbeidet aldri dukka opp, korkje med mannskap eller utstyr. Kontrakten med entreprenøren er difor no sagt opp, og ny anbodskonkurranse lyst ut. 

Arbeidet måtte starte i april for å ikkje kome i konflikt med hekketida for fuglar og gytetida i elva Søya. Med tida det tek å få på plass ein ny entreprenør, er det ikkje mogleg å få ferdigstilt arbeidet før hekke- og gytetida. Arbeidet er difor utsett, i første omgang, til slutten av juni, når Statsforvaltaren opnar for å kunne jobbe på kaia att utan konsekvensar for fugl og fisk.  

Dette inneber at ferga og bussane vil gå som normalt fram til ny entreprenør startar på sikringsarbeidet. Kaia og sjøfyllingane blir jamnleg inspisert av dykkarar fram til sikringsarbeidet kan starte opp. På Rykkjem fergekai er arbeidet med oppgraderinga av tilleggskaia i rute. Dette arbeidet har ikkje konsekvensar for trafikkavviklinga i fergesambandet. 

Det er FRAM Møre og Romsdal som melder dette på sine heimesider no i dag. 

 

Publisert: 8. april 2021, 17:36