Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tek lite hensyn til rasfaren i fjellet…

Jon Olav Ørsal Måndag 12. april 2021

I går vart det meldt om at det hadde gått ras i Nordviksula i løpet av dagen.  Undersøking viste at det ikkje var skispor verken inn- eller ut av raset som hadde gått i det brattaste området i framkant. I området Rambjøra og Litj-fjellet gikk det derimot ikkje ras, men der er det folk som har utfordra skjebnen på toppturen til Rambjøra og Vassnebba.

På forsidebiletet kan du sjå skispora som har gått i det bratte området ovafor Ansnessetra – med ein stor snøskavl rett ovafor.  Galskap å opphalde seg der, seier folk som er kjent i området. 

Vi vil difor nok ein gong oppfordre folk som ferdes i fjellet no om dagen til å ta hensyn til rasfaren, og ferdast på plassar der det er trygt for rasfare. 

Publisert: 12. april 2021, 10:35