Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Gjetargut» skal passe mykje av sauene i Trollheimen i sommar

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. april 2021

Ein nymotens og digital «gjetargut» skal passe på sauene når dei sleppes på sommarbeite i Trollheimen. – Det er Surnadal og Rindal beitelag som går saman om å investere i elektroniske hjelpemiddel for få betre kontroll på sauene som går på beite i Trollheimen. Det er brukarar frå dei lokale sankelaga som gjennom beitelaget organiserer og utstyrer sauene med elektroniske klavar som gjennom 11 utplasserte signalmottakarar/forsterkarar skal opprette kontakt med brukarane gjennom telefonnettet. Brukarane kan dermed følgje med kva som skjer med beitedyra i fjellet.

Slik skal systemet virke i prinsippet, med basestasjon som vidaresendeer til 4G mobilnett

Det var uvanleg store tapstal i fjorårets beitesesong som ga oss ideen om å prøve slikt utstyr, seier Per Åke Jakobsson og Oddvar Mikkelsen som er to av initiativtakarane for prosjektet.  Vi veit at GSM-baserte elektroniske «bjøller» fungerer dårleg på grunn av dårleg dekning i dei fleste beiteområda.  Derfor vart det søkt om midlar til eit slikt prosjekt, og Statsforvaltaren i M&R innvilga FKT-midlar til prosjektet med knappe 200 kroner per klave til dei 570 klavane som prosjektet omfattar i første omgang. Alle monner drar, men prisen på slikt utsyr er knappe 800 per dyr, så det er forholdsvis kostbart.  Men likevel er det ei god investering dersom det kan hjelpe oss å finne dyr som dør på beite – og vi kan finne dødsårsak.  Systemet vil også være til god hjelp under sauesankinga ved at du ser kvar sauene har tilhald.

Slik blir Trollheimen dekt av det nye systemet, der stasjeon for vidaresending og fiorsterking er bygd ut på 11 toppar i Trollheimen.

Klavane blir plassert både på sauer og på lam. Og disse vil rapportere 3 gong kvar dag til signalmottakarar/forsterkarar slik at ein kan ha ein heile tida kan følgje dyra. Skjer det noko unormalt, slik at ein klave blir liggande i ro mellom 2 signalrapporteringar så går alarmen, og da er det naturleg å ta ein tur for å sjekke kva det er som har skjedd.  Da kan det være sjukdom, rovdyrangrep eller anna årsak.  Viktig er det at ein kan sikre bevis og eventuelt kan sette inn tiltak.

Systemet som «Gjetargut» er heilt nyutvikla, og hadde sin første brukssesong sommaren 2020. Dei to som har jobba med «Gjetargut» er Einar Nygård og Gaute Langaas frå Oslo/Asker som har jobba med å utvikle prosjektet i 4 år. Som ein kurositet kan vi nemne at det er same firma som leverer systemet som registrerer oppkøyring av løyper for StikkUT Ski – mellom anna på Tjønnmyra og i Søyatraseen.

Slik ser utstyret ut som blir plassert på toppane i Trollheimen. La utstyret stå i fred!

La utstyret få stå i fred.

Oddvar og Per Åke fortel vidare at basestasjonane blir transportert ut og montert med det første. Her i Todalsområdet blir det montert stasjonar på Rambjøra og på Økjeskarfjellet, samt på Fossafjellet mellom Nordvik og Lykkjebygda.  Utstyret består av ei antennemast, ein kasse med utstyr og batteri og eit solcellepanel.  Dei ber om at utstyret får stå i fred, slik at det ikkje blir øydelagt. Dette er solid utstyr som skal stå i fjellet i fleire år, og det skal egentleg være lite behov for vedlikehald. 

Slik ser klavane ut som dyra blir utstyrt med. Dei sender signal 3 gong i døgnet. Blir dei liggjande i ro mellom to signalsendigar så går alarmen. Foto:Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. april 2021, 18:41