Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

3.mai ser Sparebank1 Nordmøre dagens lys

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. april 2021

Måndag 3.mai ser altså Sparebank! Nordmøre dagens lys. Sparebank1 Nordmøre er eit resultat av at Surnadal Sparebank Slår seg saman med Sparebank1 Nordvest frå denne dagen. Målet for Sparebank1 Nordmøre vil vere å gje positive ringverkingar for banken sine kundar, eigarane, dei tilsette og ikkje minst samfunnet og området den nye banken vil vere ein del av. 

Båe sparebankane er i dag særs solide. Kvar for seg leverer dei gode tenester og skaper gode resultat. – Der er i i gode tider vi må rigge oss til for fremtiden, kan vi mellom anna lese i ei pressemelding frå bankane. Bankane opplever at det stadig blir meir utfordrande å drive mindre sokale sparebankar. Dette gjev seg utslag i auka regulatoriske krav for å drive bank. Konkurransesituasjonen blir og meir krevjande gjennom at kundeåtferd og kundeforventningane har endra seg dei siste åra. Den teknologiske utviklinga har òg sjølvsagt påverka utviklinga i bankdrifta. Dei to bankane tek med seg det beste frå dei to bankane, for saman å skape ein ny og moderne bank gjennom Sparebank1 Nordmøre. Den nye banken vil vere mykje betre rusta til å møte desse utfordringane. I tillegg vil den nye banken bli ein enda betre bank for kundane samstundes som den blir meir konkurransedyktig.   

Saman vil dei to bankane bli ein enda sterkare bank som kan skape heilt nye moglegheiter. Den nye banken vil bli ein meir attraktiv og sterk samarbeidspartnar, ein motor i regionen som vil gje ny kraft til å utvikle både samfunn og næringsliv. Sparebank1 Nordmøre vil ha aktivitet i alle kommunane på Nordmøre, og banken tik sikte på å forsterka samspelet mellom indre og ytre strøk på Nordmøre. I tillegg vil banke styrke samhandlinga i heile regionen der dei har aktivitet. Dette vil vere bra for kundane, dei tilsette, eigarane og samfunnen, meiner dei.   

Hovudmålet med samanslåinga, utover det å skape ein betre bank for kundane, er det viktig å sikre og utvikle attraktive lokale arbeidsplassar, samstundes som ein vil skaper større konkurransekraft og bidret til auka utvikling av næringslivet. Målet er òg å skape auka lønnsemd og avkastning for banken sine eigarar og større emne til å bidra til lokalsamfunnet si utvikling. Med tolv kontor opprettheld båe bankane tradisjon for å vere tett på kundane sine og ha korte avgjersvegar. Dei tilsette kjenner godt kundane, bedriftene og samfunnet dei jobbar med. Tilgjengelegheit, lokal tilhøyring og personleg rådgjeving skal framleis vere eit tydeleg varemerke og eit konkurransefortrinn. 

Kva samanslåinga vil bety i praksis for deg som kunde, kan du lese meir om her: «Kva inneber dette for deg?»

Publisert: 12. april 2021, 12:32