Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor utfart i det fine helgevêret

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. april 2021

Det er stor utfart med folk som dreg på skitur i finvêret.  Stor variasjon i valg av turmål er det også, og laurdag føremiddag registrerte vi stor biltrafikk og massevis av biler på parkeringsplassane ved ymse turmål.  Vi tok turen til fots og turmålet var Øygardshalsen som er eit moderat turmål og ein del av Søyatraseen – med start frå Vang.

Honnør til gjengen som køyrer tråkkemaskina – finare trasè kan du ikkje få enn Søyatraseen slik den var i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Må verkeleg ta fram superlativa når vi skal omtale Søyatraseen.  Du verden for fine løyper som er køyrt opp, og her kan du faktisk velge om du vi gå til fots eller om du vil bruke ski.  Vang skiarena med tilhøyrande parkeringsplassar er eit ypperleg utgangspunkt om du vi gå til Strengen eller andre plasser – kanskje berre ta ein triptur til Øygardshalsen for å ta formiddagskaffen i det flotte vårvêret.  Men for alle gjeld det å ta med solkrem med faktor – sola er sterk no og vi er ikkje mykje herda etter alt gråvêret og snøfall.  Men uansett så anbefaler vi å være forsiktige dersom du ferdes på plassar det er fare for snøras.

Utsikt innover mot Todalsfjella – det er lett å kjenne att Skjeringfjellet og Snøfjellet. Foto: Jon Olav Ørsal

Utsikt andre vegen frå Øygardshalsen, mot Nesøya og Vågbø – og langt i det fjerne ser vi Reinsfjellet. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er lagt ned mykje arbeid på Søyatraseen, både med å lage traseen og med å halde løypene opne og fine. Støtt I.L. Søya med eit bidrag på Vipps 91114 – det er fortjent! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. april 2021, 15:22