Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Målprisen 2020 til Kjellaug Handegard Brørs og Styrkår Brørs

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 17. april 2021

I ei pressemelding frå Nordmøre Mållag no i dag, vart vinnarane av Målprisen 2020 offentleggjort. Under årsmøtet til Nordmøre Mållag laurdag 17. april, vart det klart at Kjellaug Handegard Brørs og Styrkår Brørs frå Surnadal har vorte tildelt Målprisen 2020.

Årsmøtet, som vart arrangert av Sunndal Mållag, vart gjennomført digitalt via Zoom. Prisen vart difor delt ut til prisvinnarane på førehand.

I ei videohelsing til årsmøtet fortalte ekteparet Brørs at dei sette stor pris på tildelinga.

– Eg har jobba mykje med både nynorsk og dialekt, mellom anna gjennom teaterarbeid i 55 år. Så eg trur nok at eg har sett litt spor etter meg, seier Styrkår i helsinga.

Han held fram:

–  Eg er fødd og oppvaksen i Surnadal, og sett Hans Hyldbakk høgt, også i synet hans når det gjeld målbruken. Han slavar ikkje etter normalen, men tenkjer litt på korleis vi pratar på Nordmøre, og brukar ein del ord og uttrykk som er typisk surnadalske.

På spørsmål om ho er samd i det, smiler Kjellaug, før ho svarar slik:

– Nesten. Vi har diskutert dette ein god del, og eg er vel ein god del meir konservativ enn Styrkår. Eg seier «me» og skriv «drøymer» og «strøymer», dei orda har ikkje Styrkår i si dialekt.

Dei to slår fast at språk er-, og alltid har vore, veldig viktig for dei.

– Og det er sjølsagt nynorsken som er nærast oss, seier Kjellaug.

Grunngjevinga for prisen:

«Målprisen 2020 går til Kjellaug Handegard Brørs og Styrkår Brørs

Prisvinnarane brukar nynorsk på ein framifrå måte, både gjennom arbeidslivet som lærarar, i allsidige kulturaktivitetar på fritida og i ei aktiv pensjonisttid.

Dei har hatt tillitsverv i Surnadal Heimbygdlag og Nordmøre Mållag i mange år, og dei har gjort ein stor innsats for språk og kultur i Surnadal og på Nordmøre.

Kjellaug og Styrkår har begge vore bidragsytarar til «Du mitt Nordmøre» der Kjellaug også var leiar i skriftstyret i fleire år på 1990-talet. Den nyaste artikkelen hennar handla om Fjelltrimmen 2018, noko som viser til ei anna stor interesse, fjell og friluftsliv.

Styrkår har dessutan skrive fleire bøker, slik som Svorkahistoria og jubileumsboka til Tordenskjold Songlag, og han medverka til boka «Ville Blomstra». Han er også svært aktiv med revy- og amatørteaterverksemd i bygda, der han stadig er i gang med prosjekt som vi gleder oss til å sjå.

Kjellaug og Styrkår er verdige vinnarar av Målprisen 2020.

Nordmøre Mållag ønskjer Kjellaug Handegard Brørs og Styrkår Brørs til lukke med målprisen for 2020.»

Kjellaug H. Brørs og Styrkår Brørs med Målprisen 2020. Foto: Nordmøre Mållag

Desse har fått Målprisen til Nordmøre Mållag:

1979: Avisa Driva
1980: Hans Hyldbakk
1981: Martin Lamvik
1982: Ottar Roaldset
1983: Guttorm Bugen
1984: Ingeborg Å. Vatten
1985: Gunvor Hals
1986: Bernt Bøe
1987: Surnadal BU
1988: Henning Sommerro
1989: Lars Mogstad
1990: Tove Fugelsnes
1991: Per Helge Malvik
1993: Berta Aspås/J.I.Håbrekke
1994: Tor Erik Jenstad
1995: Odin Hals
1996: Peggy Kruse
1997: Einar Sæter
1999: Nils Tore Leivdal
2000: Røv Mølle
2001: Liv Inger Mæhle
2002: Anders O. Bergem
2003: Kirsti Orheim Ås
2004: Alf Ramsøy
2005: Reidun Dahle
2006: Lars Mæhle
2007: Svein Sæter
2008: Sverre Hatle
2009: Ole P. Pedersen
2010: Nils Ulvund
2011: Ikkje tildelt
2012: Mette Karlsvik
2013: Jenny Klinge
2014: Helge Husby
2015: Rolf og Solveig Hindhammer
2016: Øystein Rangøy
2017: Lars Steinar Ansnes
2018: Ann-Ingeborg Grimsmo
2019: Unni Boksasp og Gro Kjelleberg Solli
2020: Kjellaug Handegard Brørs og Styrkår Brørs

Publisert: 17. april 2021, 12:50