Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hektiske dagar mot sesongopning på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. april 2021

Det er enno ei stund til sesongopninga på Todalshytta ein gong i mai, men her har det skjedd store endringar og det er mykje som skal på plass før den tid.  No er vi komne så langt at den eine brikken etter den andre fell på plass – for eit par dagar sia kom kokken som skal sørge at både laksefiskarar og andre får god og spanane mat på bordet i sommar, fortel Arve Evensen som er vert på Todalshytta.

Kalle Koponen som er kokk på Todalshytta i sommar er alt på plass, og i gang med å rigge til det nye kjøkenet til opninga ein gong i mai. Foto: Jon Olav Ørsal

Kokken heiter Kalle Kopponen, og du har heilt rett når du tykkjer at det høres finsk ut.  Kalle 50 år og ein erfaren kokk som har vore sesongkokk på fleire plassar både i Finland, Sverige og Noreg.  Kalle kjem frå Kotka i Finland, ein stad som ligg ca 17 mil aust for Helsinki.  Hit kom han frå Espedalen, der han har vore i vintersesongen på Ruten Fjellstue. Han har familie heime i Kotka og eit par vaksne døtre.  Han skal bu i leiligheita hos Carina Talgø og Bjørn Hauglann på Kvennli. 

Kalle er begeistra for det nye kjøkenet på Todalshytta og gler seg no på å ta fatt på jobben med matlaging – men først skal alt på plass og det trengs ein skikkeleg runde med reingjering etter moteringsarbeidet som er gjort i løpet av våren.  Kalle håper at koronasituasjonen kjem under kontroll og at det etter kvart blir opna opp for at folk kan gå ut og kose seg saman med andre og nyte et godt måltid saman.  Han vil by på det beste av både norske og finske rettar – både vegetarmat, kjøtt- og fiskerettar.  Han legg også til at han er glad i å bake, så det blir sikker ikkje noko problem å få noko godt til kaffe’n heller. Det skal bli ordentleg og heimelaga mat, seier han til slutt.  

Ny resepsjon og bardisk er på plass – det er Bjørn Sæterbø som bar bygd – og montert den nye disken. Her i lag med Arve Evensen som er godt nøgd med jobben. Foto: Jon Olav Ørsal

Ny og moderne kassaterminal er på plass. Einar Engvig frå firmaet i Kristiansund med same namn er 4. generasjon som driv familiebedrifta. Frå den nye terminalen går all info direkte inn i rekneskapet – enkelt og lettvint fortel Einar Engvig. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Først publisert: 17. april 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 16. april 2021, 13:45