Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7111 artiklar i dette arkivet.


Inntok Telstadfjellet med fulle haustfarger.

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. september 2020

Vi har fått fine bilder frå Fjellgruppa som hadde ein fin tur til Telstadfjellet i dag. Disen og litt skodde hindra at vi fekk nyta utsikten i klår haustluft, men det er da bra med litt nærsyn og, med alle haustfargane.


Markdag med Landbruk Nordvest i Utigarden

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. september 2020

Måndag hiva vi oss med på markdag, med Landbruk Nordvest som arrangør og med Olaug Kvendset og  Asgeir Longva som vertskap. Tema for markdagen var jord og jordhelse, og vi fikk ei innføring i korleis vi sjølve kan undersøke jorda vår.  Det kan være mange grunnar til at ein bør undersøke jorda si.  Ved å grave litt og sjå på resultatet kan ein finne fleire signal på om det er naudsynt med tiltak for å betre jordkulturen. Det har nemleg stor betydning for om plantene vil trivast og kor stor avling ein kan få.


God haustferie – på heimebane, helsar kommuneoverlegen

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. september 2020

Den etterlengta haustferien står for døra og dei fleste har sikkert tenkt å bli heime eller på hytta si i år. Det kan det vere fleire gode grunnar til å gjere no.Den etterlengta haustferien står for døra og dei fleste har sikkert tenkt å bli heime eller på hytta si i år. Det kan det vere fleire gode grunnar til å gjere no.  Ta deg tid til å lese kommuneoverlegens råd om korleis du kan få ein trygg og god haustferie.


1. oktober: Stenger for å oppgradere dataanlegg for drivstoffsalg

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. september 2020

Matkroken Todalen investerer i nytt dataanlegg for drivstoffsalet, og må i samband med moteringsarbeidet stenge drifstoffsalet eit døgn.  Difor blir anlegget heilt stengt i tidsrommet frå torsdag 1. oktober kl 09.00 til fredag 2. oktober kl 9.00



Sesonslutt for sykkeltrimmen

Jon Olav Ørsal Måndag 28. september 2020

No blir det sesongbyte for «Todalen bodybyggjarlag» som har gjennom sommaren har drive aktivt med sykkeltrim på måndagskveldar.  No er dei innhenta av haustmørkret, og arrangerte difor sin siste sykkelkveld for i år. Turen gikk først utover stranda og så oppover til Gammeldfabrikken i Brusetmarka og nedover att til Vangen. Der var det etter plana lagt inn forfriskningar, før turen fortsette nedover bygda og til Kvennsetøran igjen. Men kva skjer vidare no som Hett & Svett er midlertidig stengt på grunn av smittefare?


Torsdag: Stavgang til Toåa tursti.

Jon Olav Ørsal Sundag 27. september 2020

Torsdag 1. oktober går vi natursti langs Toåa i Todalen. Starter til vanlig tid, kl 11:00,  fra Bordholmen hvor vi har parkert. Denne dagen får vi besøk av helsefagelever sammen med lærer. Fint om de får møte mange av oss! Alle er velkomne til å bli med!


Stavgangtur til Vindøldalen med både regn og solgløtt….

Tekst og foto: Helge Røv Laurdag 26. september 2020

Torsdag 24.september hadde stavganggruppen i Surnadal Pensjonistlag tur innover Vindøladalen. Vi startet fra parkeringsplassen ved bommen. Det var litt vind og det så ut til å bli regn, men vi påvirket værgudene og fikk flere korte perioder med solgløtt. Vi trasket i vei til et sted de færreste av oss hadde vært, inkludert undertegnede.


Bli med Fjellgruppa til Telstadfjellet?

Jon Olav Ørsal Fredag 25. september 2020

Tirsdag 29.9. går turen til Telstadfjellet. Vi møtes på parkeringsplassen nedom Øyakjerka kl 10:45 og samkjører til lunneplassen på Bergheim. Hugs matpakke og termos! (Bryt YR lovnaden om godver, går vi i staden til Vaulen.) Alle er velkomne til å bli med, helsar turvertane – Tor Asle, Brage og Kristian!


Inviterer til nostalgisk songmøte i Storstuå.

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. september 2020

Indre Nordmøre senioruniversitets inviterer til SONGMØTE på Kulturhuset i Surnadal, torsdag 8. oktober. Da vil det nok bli gjenhøyr med mange revyviser, og kanskje får vi litt om historia bak og. – Vi dreg nok kjensel både på revyviser, scenekunstnarar og revyforfattarane når vi nemner namn som Styrkår Brørs, Holger Skei, Eivind Holte og ikkje minst Henning Sommero.


Kommunen gjenopnar Mo barnehage

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. september 2020

I ei kort pressemelding på sine heimesider fortel Surnadal kommune at Mo barnehage blir gjenopna frå i morgon, torsdag 24. september. Føresette og barn kan delta på fritidsaktivitetar og gå på jobb som normalt frå og med no, onsdag ettermiddag.


Olav Thon Gruppen tar grep i Trondheim – overtar drifta av City Syd

Stig Husby Tysdag 22. september 2020

Det vart i dag sendt ut ei pressemelding frå Olav Thon Gruppen, der dei kan informere om at dei har signert avtale om å overta forvaltninga av seks norske kjøpesenter som eies av Storebrand.  Storebrand er ein profesjonell eigedomsaktør som har store forventninger til både drift og videre utvikling av kjøpesentre. Dette opplever vi som ei flott tillitserkæring, og er stolte av å få disse kjøpesentrene inn i vår portefølje, seier Ole-Christian Hallerud, som er visekonsernsjef i Olav Thon Gruppen.