Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Turtips: Ta turen til Skarvan – eit flott turmål

Jon Olav Ørsal Sundag 14. mars 2021

Det er Gunnar Nordvik som kjem med denne oppfordringa.  Han har hytte på Nordvik (Per-hytta), og fortel at det er eit flott turmål rett ovafor hytta hans som heiter Skarvan.  Derfrå er det viden utsikt, nærast i alle retningar.  I går monterte Gunnar ein nylaga kvilebenk på denne plassen, som ligg på 720 m.o.h. og har utsikt utover alle «fysne».

Skarvan 720 m.o.h – Ny kvileplass – handlaga av Gunnar Nordvik. Foto: G.N.

Gunnar fortel at den lettvintaste måten å kome dit på, er å køyra opp Blomlivegen (bomveg) til Nordviksetra, derfrå tek det rundt ein times til på ski om vinteren og noko liknande på sumars dag, til fots.  Dersom du vil kan du fortsette turen vidare og eit aktuelt mål kan vere Fossafjellet.  Gunnar tek seg ofte turar til Skarvan for å sjå solnedgangen uti fjordan derifrå – det er litt av eit syn, fortel han. 

Laurdag var det altså montering av benk som stod på programmet og habile handtlangarar og prøvesittarar var borna Hallvard Rudson, Nicole Gunnvor og Natascha Maria som no gler seg til påskeferien og som sjølvsagt håpar på godt påskevêr.

Her er utsikt i alle retningar… foto: G.N.

Nicole, Natascha og hallvard prøvesitt nybenken som laurdag kom på plass ved Skarvan på nordvik. Foto: G.N.

Publisert: 14. mars 2021, 07:22