Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7586 artiklar i dette arkivet.


Første nyhuset på 7 år for HJH Bygg

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. juli 2026

HJH Bygg er no i gang med å bygge opp igjen huset til familien Bolme etter brannen i fjor sommar.  Etter ein planleggingsperiode har det pågått både grunnboring og undersøkingar som har teke litt på tida, og gjort at prosessane har teke mesta eit år sia brannen.  


Fotturistane strøymer til i Trollheimen

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. juli 2026

Fotturistane strøymer til turisthyttene i Trollheimen – det meldes faktisk om auke i belegget på 30%, og det er nok tal som kan brukast her og det, seier Gudmund Kårvatn.  – I går kveld var det fylt opp til siste plass, og slik har det vore fleire dagar no i sommar.


Fine vassprøvar frå badeplassane i kommunen.

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. juli 2026

Som tidlegare år er det teke vassprøvar frå badeplassanen i kommunen. Prøvane er tekne i to omgangar, 14. – 16. juni og 6.-8. juli.  Det er teke prøvar frå 8 lokale badeplassar rundt i kommunnen – her i Todalen er det teke prøvar ved båthamna på Kvennset.  


Motorsyklist kolliderte med elg på FV6145

Jon Olav Ørsal Måndag 13. juli 2026

Søndag kveld var det kollisjon mellom motorsyklist og elg like ved Hauafossbrua på Todalsvegen (FV6145 ).  Føraren av motorsykkelen vart teken med til legevata for sjekk, medan elgen stakk til skogs, og såg ut til å være i fin form, melder Driva.no som først skreiv om saka.  Viltnemnda er varsla om saka.


Godt med besøk i Galleri Sand Nordmøre

Jon Olav Ørsal Måndag 13. juli 2026

Aune Sand rosar besøkande i Galleri Sand Nordmøre, og seier at det er heilt utruleg kor mange som finn vegen innom galleriet i Pilskarvegen i Todalen.   Den siste veka har galleriet vore ope frå torsdag til søndag, og det blir det og neste veke (veke 29) – med opningstid 12:00 til 15:00. 


Tapt & funne i turstien

Jon Olav Ørsal Sundag 12. juli 2026

Eit flott hekla pledd til barnevogn er funne i Toåa tursti.  Det er einsfarga i ei blåfarge og har eit fint hekla mønster, og ser ut til å være tilpassa bruk på ei barnevogn.  Pleddet er funne ved reiskapshuset (der kantslåmaskina er lagra) og er hengt opp på ein grensepåle i vegkanten der.  Den rette […]


I startgropa med 2.-slåtten – vil nytte ut sommarvarmen

Jon Olav Ørsal Sundag 12. juli 2026

2.-slåtten er så smått kome i gang – Ola Kvendset har det siste døgnet jobba med 2.-slåtten og Todalen mjølk er også kome godt i gang.   Yr.no melder som sommarvêr med lite nedbør og gode temperaturer, og det vil nok sette fart på slåttaarbeidet i komande veke.  


Opa dør til fotball i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juli 2026

Rykter om fotballvisning i Ungdomshuset i kveld, og da tenkte vi sjølvsagt Norge – England med ein gong.  Endre Talgø som er leiar i Todalen IL bekreftar at døra blir open til fotballvisning, men det er ikkje noko program for kvelden, og heller ikkje noko servering å få.  Men alle som har lyst må gjerne […]


Verdas beste drivstoff til heile Midt-Noreg

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juli 2026

Vegard Mogstad har sin base hos NK Energi i Surnadal, men han har heile Midt-Noreg og vel så det som sitt arbeidsområde – igår var han på Smøla og Aure, medan han onsdag var i Lom i Gudbransdalen med drivstoff.  Det går omtrent like mykje drivstoff i ferietida som resten av året, for da aukar turisttrafikken utruleg mykje, seier Mogstad.


Med regnet kom laksefisket så smått igang

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. juli 2026

Den første laksen lot vente på seg, men etter kvart er laksefisket kome igang i Toåa.  I skrivande stund er det teke 12 fiskar – 10 laks og 2 sjøaure.  Alle så nær som ein er sett ut igjen, og får ein ny sjanse til å være med og spre sine gener i Toåa.   Egentleg er det regnet dei siste dagane som har sett litt fart på fisket, sjølv om det ikkje var så store mengder.


Har du treft Martine og Mathea?

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2026

Handelsmann Sondre introduserer dei to sommarvikarane som har starta på jobb på Matkroken Todalen dei siste dagane.  Vi tykte det var på tide at Jorid fekk tid til litt ferie, og dermed vart det sommarjobb til Martine Redalen og Mathea Hoem som hadde spurt på sommarjobb på Matkroken.  Mathea skal jobbe måndag og torsdag med vareinnfylling, medan Martine går inn i skiftorninga og vil jobbe med kassaarbeid, innfylling av varer og anna forefallande arbeid.  Begge blir på Matkroken til uti august ein gong, fortel Sondre.


Godt besøkt kunstutstilling – folk kjem langvegs frå

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2026

Galleri Sand Nordmøre, som er lokalisert i den nedlagte skulebygninga til Todalen skule, held opa kunstutstilling frå torsdag til søndag denne veka – alle dagar i tidsrommet frå kl. 12 til kl. 15.  På telefon på tur heimover gir han uttrykk for at det har vore veldig bra besøk i galleriet siste veke. Spesielt var det bra på laurdag og søndag, og Aune er imponert over kor mange som kjem langvegsfarande.  Han opplever stadig at folk kjører 3-4 timar for å kome til Todalen for å sjå jubileumsutstillinga.