Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 6644 artiklar i dette arkivet.


Stikkrenne- og grøftinspeksjon på fylkesvegane

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. april 2024

Dersom du lurer på kva Veidekke driv med etter vegane i Todalen,  så kan vi røpe at det er inspeksjon av stikkrenner og grøter som pågår.  Ole Peder Holten er utrusta med kamera, og blokk og blyant for å registrere behov for vedlikehald langs fylkesvegane rundt bygda.  


Tapt/funnet på Todalsøra

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. april 2024

I dag vart det funne eit gåvekort på Todalsøra – på strekninga mellom brua over Ytteråa (ved Ørskog) og Todalsøra.  Gåvekortet har pålydende kr 500 og er utstedt 28. mars.  Er du den rettsmessige eigaren, så kan du ta kontakt med Matkroken Todalen.


Påskegudsteneste i friluft

Jon Olav Ørsal Måndag 1. april 2024

Godt og vel 50 som deltok i påskegudstenesta ved gapahuken på Tjønnmyran 2. påskedag.  Yr.no passa på å halde seg innafor vêrmelding, slik at det var opphaldsvêr, men det kunne godt ha vore nokre fleire varmegader.  Men soknerådets servering av varm kaffe og varme pølser etterpå kompenserte langt på veg for det. 


Er du klar for sommaren

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mars 2024

Natt til søndag er det nemleg klart for sommartid – det er nemleg slik at siste helga i mars så stiller vi klokka om til sommartid.  Det vil seie at vi stiller klokka fram ein time, og reint formelt skal det skje kl 02 og da stilles klokka fram til kl 03.   Da går vi over fra vintertid eller rettare sagt normaltid og over i sommartid – og sommartida varer heilt til siste helga i oktober. 


Kjempefin dag – Gunnøydilten samla meir enn 200

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. mars 2024

Arrangøren trur det var godt og vel 200 deltakarar på Gunnøydilten i år.  Det var Todalen IL Trimgruppa som stod som arrangør, og det var stor suksess både publikummessig og sosialt. Påska samlar forlk frå fjern og nær, og det gjorde jammen Gunnøydilten og.  Det var mykje tilreisane med både utflytta todalingar og folk frå både Kvanne, Surnadal og andre plassar. 


Todalshytta minner om langfredag med «After Ski»

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. mars 2024

Langfredag blir du invitert på «after ski» på Todalshytta. – Da bys det på burger & pizza med godt tilbehør, fortel Arve Evensen. Du like velkomen om du kjem frå Tydalsnebba, Bjøråskaret eller Toåa tursti – eller om du rett og slett kjem heimåfrå.  Langfredag blir det servering frå klokka 16:00 og utover. 


Påskekonkurranse: – Ester hadde vinnarlukke

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. mars 2024

Det vart Ester Karin Larsen som vart den heldige vinnaren av Matkroken Todalens påskekonkurranse i år.  Alle som har vore innom butikken har fått gratislodd (Handlelapp med namn), og gevinsten var eit gåvekort på kr 500,- som no er trekt.  Ester Karin Larsen var vinnar av gåvekortet.  I tillegg vart det trekt 3 trøstegevinstar – 3 påskeegg med påskegodt.  Bla om så kan du sjå kven som vart vinnarar av trøstegevinstane.  


Skjærtorsdag arrangerer TILs trimgruppe Gunnøydilten – oppdatert

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mars 2024

Gunnøydilten har vore stor suksess kvar gong – skjærtorsdag 28. mars er det igjen klart for eit nytt og fint arrangement – Gunnøydilten går etter Toåa tursti, og har sin base rundt gapahuken i Båthølen.  Der er det TILs trimgruppe har tilhald, og som vanleg har dei litt av kvart å by på.  Trimgruppas kanelsnurrar er viden kjent – langt utover Nordmøre.


Idag: Friluftsgudsteneste på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Måndag 25. mars 2024

Todalen sokneråd inviterer til friluftsgudsteneste på Tjønnmyran 2. påskedag.  Å avslutte påska med friluftsgudsteneste har lang tradisjon – først var det på Haugligardane i mange år, men  dei siste åra er det gapahuken på Tjønnmyran som har «husa» arrangementet.  2. påskedag startar gudstenesta på Tjønnmyran kl 12, og det er vikarprest Hans Arne Aakerø som er litturg. 


Lærte å pode frukttrær

Jon Olav Ørsal Måndag 25. mars 2024

Det er ikkje så vanskeleg å lage nye frukttrær, men det er faktisk ein del knep ein må bruke for å få bra resultat.  Søndag var det kurs i poding i Svinviks arboret, og da var det mange interesserte deltakar som meldte sin interesse for å lære faget.


Fikk bryna seg med ishockey i Kristiansund

Jon Olav Ørsal Sundag 24. mars 2024

Surnadal Blades er ein lokal ishockeyklubb med både Todalingar, Surnadalingar og fleire til – søndag var dei i Kristiansun for å prøve isen i Nordvest Arena på tampen av sesongen. Surnadal Blades hadde med seg forsterkningar frå Sagene Puck i Rindal, og kalla seg for høvet for Sagene Blades. 


2 pallplassar til Trollheimen Fjellsportklubb under NM

Jon Olav Ørsal Sundag 24. mars 2024

NM i Randonee har i helga pågått i Lillehammer, og i dag var det full spenning under NM i sprint der både Erik Kårvatn og Aron Rodale Haugen hamna på pallen – på henholdsvis 2. og 3. plass.