Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

11.03.2021: Ny og oppdatert pressemelding frå Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. mars 2021

Det har vore mykje att og fram rundt informasjonen om vaksinasjonsprogrammet i det siste.  Vi har derfor trekt attende pressemeldinga som var lagt ut tidlegare i dag, og legg no ut ei ny og oppdatert pressemelding om AstraZeneca-vaksina frå Surnadal kommune.
På grunn av nye opplysningar om reaksjonar etter vaksinering med AstraZeneca sett FHI vidare vaksinering med denne vaksinetypen på vent. 

Surnadal kommune justerer vaksinasjonsprogrammet etter nye føringar frå Folkehelseinstituttet (FHI)
Vidare vaksinering i Surnadal vil skje etter gjeldande plan med ein annan vaksine (BioNTech/Pfizer), men med et litt lågare tempo, på grunn av dei reduserte leveransane kommunen vil motta.
Vaksinering fredag 12. mars

  • Planlagt vaksinering med AstraZeneca i morgon 12. mars blir utsett. Berørte innbyggarar vil motta SMS frå c19 med kansellering av vaksinasjonstimen.
  • Dei som har avtalt time til dose 2 med BioNTech/Pfizer i morgon skal møte opp til vaksinering som avtalt.  

Vaksinering fredag 19. mars

  • Vi fortsett vaksineringa med den velprøvde vaksinen frå BioNTech/Pfizer.
  • Innkallingar til vaksine sendt ut i dag, torsdag, gjeld for vaksinering 19.03, og er med vaksinetype BioNTech/Pfizer. 

Dei som har motteke vaksinen frå AstraZeneca i Surnadal kommune er helsepersonell og enkelte tenestemottakarar. Av 280 vaksinerte med denne typen har vi ikkje fått melding om alvorlege biverknader. 
Vi reknar med at usikkerheita kring vaksinen frå AstraZeneca vil vere avklart før det blir aktuelt med dose 2 av denne vaksinetypen.
 
Med vennleg helsing 
Kommuneoverlege Bjørn Buan og vaksinekoordinator Gunn Heidi Ansnes

Publisert: 11. mars 2021, 16:13