Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pressemelding fredag 12.03.2021: Melding om uønska hending etter koronavaksinering i Surnadal

Jon Olav Ørsal Fredag 12. mars 2021

Ein tilsett i Surnadal kommune vart innlagt på sjukehus torsdag ettermiddag, etter at vedkommande hadde vorte vaksinert med AstraZeneca sin vaksine på onsdag. Vedkommande hadde fått ein uventa kraftig reaksjon og bad difor om helsehjelp. Etter undersøking på sjukehus vart vedkommande utskriven same kveld og skal no ha det bra.

Kommuneoverlegen ser alvorleg på hendinga og vil foreta ein rutinemessig gjennomgang. – Vi kan ikkje utelukke ein samanheng med vaksineringa og avventar konklusjon frå sjukehuset..
Kommunedirektør Knut Haugen vil på vegne av organisasjonen ta kontakt med den tilsette. – Eg blir sjølvsagt bekymra når ei slik uønska hending skjer med ein tilsett og vil ønskje vedkommande riktig god betring. Vedkommande vil bli fulgt godt opp av arbeidsgjevar framover.

Dersom andre skulle få uventa, ikkje bagatellmessige reaksjonar etter observasjonsperioden under vaksineringa, bør ein kontakte fastlegen eller legevakta for vidare helsehjelp.
Surnadal kommune held no fram med koronavaksinering med den velprøvde vaksinetypen frå BioNTech/Pfizer.

Med vennleg helsing
Bjørn Buan, kommuneoverlege i Surnadal

Publisert: 12. mars 2021, 10:19