Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Natta og dagen like lang over heile verda

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mars 2021

I dag er det ein spesiell dag, for i dag er det vårjamndøg og da er dagen og natta like lang, ikkje berre her i Todalen men faktisk over heile verda.  Heilt nøyaktig skjedde det i dag, 20. mars kl 10.37 CET – altså på formiddagen.  Da kan vi faktisk allereie i morgon glede oss over at dagen er lengre enn natta, og snart er det faktisk sommar igjen, og bra er det!

I dag er det også soloppgang på Nordpolen, og den markerer sommarhalvåret og der er det ikkje solnedgang før til hausten, når det blir haustjamndøgn.  På Nordpolen skin altså sola heile sommarhalvåret  – og er da sjølvsagt borte heile vinterhalåret.  

På Wikipedia kan du lese meir om jevndøgna og korleis dato og tidspunkt blir endra frå år til år.

Publisert: 20. mars 2021, 19:31