Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stadnamn og historie – interessant tema?

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mars 2021

Laurdag var det ei lita samling i ungdomshuset for dei som er var interessert i lokale stadnamn og arbeidet med å samle inn og registrere.  Det var Todalen historielag som prøvde å finne folk som er interessert i temaet og som kan tenkje seg å jobbe litt med å samle og registrere gamle stadnamn.  Mange lokale stadnamn har nok forsvunne av den enkle grunn at dei er gått ut av bruk – eller er i ferd med å gå ut av bruk. 

Joar østbø, Tore Polden og Ragnar Halle studerer kart- og namndata i Lykkjebygda og Kvenndalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Som venta var det ikkje nokon stor hop som kom for å få litt meir informasjon, men det var da nokre som stakk innom for å sjå og høyre – og kanskje blir det nokon som «tek hansken» og kanskje finn det interessant å jobbe med dette, sier John Moe som er leiar i Todalen Historielag.  Han fortel vidare at dette er eit prosjekt som ikkje går føre seg i historielagets regi – dei har berre sett fokus på det som alt er gjort og litt om kva som står att å finne – og å registrere. 

Info om de stadnamna som alt er registrert ligg hos fylkesarkivet som har lagra både kart med markeringar og lister med nummer, namn og forklaring på namna.  Dette får du tak i ved å ta kontakt med fylkesarkivet som er lokalisert til Fylkeshuset i Sogn og Fjordane –  adressa er Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger.  Telefon 57656100 og epostmottak: sffarkiv@sfj.no  heimesida til fylkesarkivet er Fylkesarkivet i Vestland   Info om stadnamn finn du og ved å gå til kartverket – på nettsida www.kartverket.no ->stedsnavn   søk->stadnamn i kart->søk på stadnamn

John Moe og Gudmund k. Kvendset studerer kartet – Her er namnedata merkert med ein prikk. Foto: Jon Olav Ørsal

Kvar prikk representere eit stadnamn – zooomer du inn

Zoomer du inn så kjem namnet til syne.

Publisert: 20. mars 2021, 15:04