Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Er du interessert i stadnamn?

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. mars 2021

Todalen historielag har mange jarn i elden, og må finne seg i å prioritere arbeidsoppgåver med å sikre at historia blir teken vare på så bra som muleg.  Eit prosjekt dei no held på og bles nytt liv i er registrering av stadnamn.  Er du interessert i stadnamn og kan tenkje deg å ta del i dette arbeidet vil nok historielaget sette stor pris på det.  I Todalen ungdomshus har Sven Olav Svinvik, Eivind Grønmyr og Ragnar Halle rigga seg til med kart og info-mapper for å finne ut kvar det er gjort minst med tanke på registrering av gangle stadnamn.  

Ei prosjekt i kommunal regi la ned ein del arbeid i denne samanhengen, og no gjeld det å finne att tråden i dette og fortsette der prosjektet i sin tid stoppa.  Kan du tenke deg å delta i dette arbeidet, så er du velkomen til ungdomshuset for å kome og sjå og høre litt om kva som er gjort og korleis ein skal kome i gang.  Det skjer laurdag 20. mars i tidsrommet 10 til 13.  

Informasjonen blir lagra i fylkesarkivet, og du kan alt no finne ein del info frå Todalen som er lagt inn der.  Du kan berre gå inn på linkane nedafor, så finn du info som er lagra om stadnamna som alt er lagra i Todalen. 

www.fylkesatlas.no/stadnamn_more_og_romsdal

Kartverket.no ->stedsnavn   søk->stadnamn i kart->søk på stadnamn

Statnamna er ført på slike lister med eit løpenummer som du finn att på kartet. Så er det påført namn, beskriving av plassen og og uttale på dialekt. Foto: Jon Olav Ørsal

Mykje interessant å sjå og lese på karto og i dokumneta som er samla i fleire permar. Dei tre konkluderte med at det manglar mange stadnamn på Nordvik og i området ved Talgø Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 18. mars 2021, 08:36