Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

21.03.2021: Gledelege resultat så langt frå smittesporinga i Surnadal

Jon Olav Ørsal Sundag 21. mars 2021

Så langt i smittesporinga har vi ingen fleire positive prøveresultat, men ein ventar enno på svar på alle prøvane om det er eit mutert virus det dreier seg om.
Dette er status 21. mars:

Ein person er sjekka ut av vente-karantene etter påvist negativ PCR-prøve. Ein person i vente-karantene blir avklart med PCR-test på måndag. To personar er framleis i nærkontaktkarantene i 10 dagar, og blir testa på nytt på dag 7 etter siste eksponering. 

Etter effektiv og rask smittesporing framstår situasjonen per no som avgrensa og oversiktleg. Det har vore eit godt samarbeid med alle involverte partar. Vi ventar på svar frå analyser som vil avklare om smittetilfellet dreier seg om eit mutert virus. 

Ny status frå smittesporinga blir meldt når vi har fått prøveresultat i løpet av måndag, melder kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal kommune. 

 

Publisert: 21. mars 2021, 13:17