Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen historielag Arkiv

Vi fann 267 artiklar i dette arkivet.


Søndag kl 15: – Bokslepp frå Todalen historielag

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. november 2021

Historielaget er i rute. Det er lenge sia det vart bestemt at det søndag førstkomande den 14. november er det bokslepp for historielagets årsskrift, som i år er nummer 20 i rekkja. Trur at vi tør å være såpass påståeleg at vi kan seie at dette er det beste årsskriftet «ever».  – Det er Dordi Jorunn Halle som har vore redaktør, men det har vore fleire skribentar, og den grafiske produksjon er det Rolf Olav Nordvik som har stått for. 


Etterbruk – kva gjer vi med skulen?

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. oktober 2021

Ja, det spørsmålet stiller ordførar Margrete Svinvik og kommunedirektør Knut Haugen til bygdefolket i Todalen. Politikarane har gjeve dei to i oppdrag å ha ein dialog med bygdesamfunnet for å prøve å finne ei løysing på eventuell etterbruk av skulebygninga etter at skulen vart nedlagt i år. 


Med Jenny på 100-årscruice rundt Trollheimen

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. juli 2021

Det er jammen ikkje enkelt å komme på kva ein skal gje til gammalt folk som har alt.  Bestemor Jenny Kvendset fyller nemleg 100 år i oktober, og barnebarnet Jenny som er berre halvparten så gamal ymta tidlegare i vår frampå om at kanskje ho kunne ønskje seg ein biltur.  I så fall var det kanskje lurt å gjera det medan det var sommarføre. Jo da, Jenny senior responderte positivt på det, men ville tenke litt på turmålet, og det tykte Jenny junior (Stensby) var greitt.  Etter litt fundering var ønskemålet klart, og dei to kunne starte planlegginga for turen som skulle gå Trollheimen rundt.


Avlyser årsmøtet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 11. juni 2021

Styret i Todalen historielag har i kveld vedteke å avlyse årets årsmøte. Årsmøtet skulle eigentleg vere i mars, men vart utsett på grunn av smittevernreglane til komande tysdag den 15.juni. Restriksjonane som framleis gjeld gjer at Todalen historielag no altså vel å avlyse årets årsmøte. 


Historisk sus frå den øvre delen av Brusetgrenda

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. mai 2021

Todalen historielag har gjennomført nok ei suksessfull kulturvandring.  Historielaget jobbar i medvind, og har klart å skape ein stor interesse for lokalhistorie i bygdasamfunnet. Det lokale historielaget har mesta fleire medlemar enn det er innbyggarar i Todalen, og det viser vel at den lokale historia har interesse langt ut over bygdas grenser. – I dag gikk den årlege kulturvandringa til øvre Brusetgrenda – frå Bruset og oppover til Brusetnesset og hengebrua. 


Bli med på kulturvandring i Brusetgrenda

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. mai 2021

Det er Todalen historielag som laurdag 29. mai frå kl 12 og utover inviterer til kulturvandring i Brusetgrenda, frå Bruset og oppover til hengebrua.  Kulturvandringa starta på Bruset kl 12, og så går turen innover grenda, med kjente guidar – Ola Bruset, Kristen Bruset og leiar i historielaget John Moe som blir med på turen. På returen går turen nedom Nernesset, der det før i tida var busetting.



Stadnamn og historie – interessant tema?

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mars 2021

Laurdag var det ei lita samling i ungdomshuset for dei som er var interessert i lokale stadnamn og arbeidet med å samle inn og registrere.  Det var Todalen historielag som prøvde å finne folk som er interessert i temaet og som kan tenkje seg å jobbe litt med å samle og registrere gamle stadnamn.  Mange lokale stadnamn har nok forsvunne av den enkle grunn at dei er gått ut av bruk – eller er i ferd med å gå ut av bruk. 


Er du interessert i stadnamn?

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. mars 2021

Todalen historielag har mange jarn i elden, og må finne seg i å prioritere arbeidsoppgåver med å sikre at historia blir teken vare på så bra som muleg.  Eit prosjekt dei no held på og bles nytt liv i er registrering av stadnamn.  Er du interessert i stadnamn og kan tenkje deg å ta del i dette arbeidet vil nok historielaget sette stor pris på det.  I Todalen ungdomshus har Sven Olav Svinvik, Eivind Grønmyr og Ragnar Halle rigga seg til med kart og info-mapper for å finne ut kvar det er gjort minst med tanke på registrering av gangle stadnamn.  


Handball-lag frå 1940-åra; jenter som var pionerar

Dordi Jorunn Halle Torsdag 11. mars 2021

Frå skannarpatrulja i Todalen historielag har todalen.no fått tilsendt eit interessant bilete av handball-lag frå midten av 1940-talet. Biletet er nok frå eit av dei første åra med jentehandball i Todalen.


Bryllaupsbilete frå Todalen historielag

Dordi Jorunn Halle Laurdag 20. februar 2021

Todalen historielag har eit rikhaldig og verdifullt biletarkiv som skannarpatrulja, Ingri og Ragnhild, har bygd opp og har ansvaret for. Her kjem tre nye bilete frå bryllaupasfeiring frå fotoarkivet. Bileta er frå 1940-, 50- og 60-talet. 


Bilete frå Todalen historielag

Mari B. Redalen Tysdag 9. februar 2021

Atter en gong har vi vore så heldige å få bilete og tekst frå scannerpatruljen i Todalen Historielag, denne gongen er det fleire bilete av bryllaup i bygda.