Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen historielag Arkiv

Vi fann 310 artiklar i dette arkivet.


Årsmøte i Surnadal Heimbygdlag

Dordi Jorunn Halle Tysdag 24. februar 2026

Eivind Hasle takka av som styremdlem og skrivar i Surnadal Heimbygdlag på årsmøtet måndag 23. februar. Han fekk stor takk, ros og velfortente blomster for innsatsen gjennom mange år!


Todalen historielag kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. februar 2026

Styret i Todalen historielag kallar inn sine medlemmer til årsmøte tysdag 24. mars klokka 18:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. 


I dag: Tradisjonell ettermiddagskaffe med interessant meierihistorie

Jon Olav Ørsal Måndag 26. januar 2026

Søndag 1. februar kl 15:00 inviterer Todalen historielag til tradisjonell ettermiddagskaffe i Ungdomshuset.  Denne dagen er det meierihistorie som står på agendaen, og Einar Oterholm kjem for å halde foredrag om dei to gamle meieria som har ei rik historie.


«En juleferd i 1887»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. desember 2025

På tidleg ettermiddag i dag tikka det inn ein epost frå Johnny Nonsens Myklegard og Anita Ugedal. Dei to driv podcasten Bonussporet. Dei fortel at det i dag er sesongfinale, og at dei idag fortel vi ei reell julehistorie frå 1887, hentå frå Endre Jerpstads samtidskjelder, gjengjeva i moderne språkdrakt, men med stor respekt for tid, tone og detaljer. Historia følger ei jule- og romjulsreise med hest og slede, frå Å i Meldal, gjennom Rindalen, og videre til Todalen, der heile romjula skulle feirast.


Flott 150-årsjubileum for storspelemann Halvor Ørsal

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 22. november 2025

Laurdag kveld inviterte Todalen historielag etterkommarar og bygdefolket til 150-årsjubileum for storspelemannen Halvor Ørsal, eller aller best kjent som Hallvard Ørsal. Han var fødd 22. desember i 1875 på Nertrøå i Ørsalbukta like ved elva Haukåa.


Stor aktivitet i helga – både jubileum og Thaibuffe

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. november 2025

Denne helga er det mykje som skjer – Todalshytta minner om Thaiaften som startar kl 17:00, med servering utover kvelden til kl 20:00.  I Todalen ungdomshus er det jubileum for storspellmannen Halvor Ørsals jubileum for 150 år sia. 


Inviterer alle til 150-årsmarkering laurdag 22 november

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. november 2025

Todalen historielag inviterer laurdag 22. november klokka 18:00 alle til Todalen ungdomshus for å markere at det i år er 150 år sidan Nordmøres store spelemann Halvor O. Ørsal vart fødd. Halvor vart fødd den 22. desember i 1875.


Stor interesse for lokalhistorie – over 70 på bokslepp

Jon Olav Ørsal Sundag 9. november 2025

Todalen historielag opplever at det er stor inteeresse for lokalhistoria.  Søndag hadde historielaget bokslepp, og trekte nærast fullt hus til ungdomshuset for å bli presentert for det nye årsskriftet for 2025 og for å høryre Torbjørn Brøske som kom for å kåsere om oppveksten i Stangvika. 


Historielaget – søndag er det tid for bokslepp

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. november 2025

Todalen historielag er godt i rute med årsskriftet for 2025, og inviterer på bokslepp i Todalen ungdomshus søndag 9. november kl 15:00.   Årets hefte har 84 sider med mykje godt og variert stoff, som er presentert på ein fin måte.  Leiar John Moe tykkjer det er bra at dei har klart å rekruttere ein ungdommeleg redaktør, som fekk Endre Talgø på trua til å ta jobben.


Du mitt Nordmøre 2025

Dordi Jorunn Halle Onsdag 5. november 2025

Pressemelding  Du mitt Nordmøre 2025

Det er jubileumsår for Du mitt Nordmøre i 2025. Den første utgåva kom ut i 1966, med Erling Skjølberg i spissen for ei gruppe eldsjeler. Det som i starten var eit hefte på 56 sider, har vist seg livskraftig og med åra vorte til ei heil bok som finst i mange hyller rundt om på Nordmøre.


150-årsmarkering av at storspelmann Halvor O. Ørsal vart fødd

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. august 2025

Todalen historielag inviterer laurdag 4. oktober klokka 18:00 alle til Todalen ungdomshus for å markere at det i år er 150 år sidan Halvor O. Ørsal vart fødd. Halvor vart fødd den 22. desember i 1875. På Wikipedia står det at han vart fødd i 1876, men historielaget har sjekka kyrkjebøkene, og her står det at han var fødd i 1875, så da er nok det rett.


Interessant og lærerik historielagstur

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. juni 2025

Torsdag inviterte Stangvik Historielag og Todalen historielag sine medlemmer og andre til busstur til Oppdal. Målet for turen var Oppdalsmuseet og Gravfeltet på Vang i Oppdal sentrum. Turen starta frå Matkroken med påstigning under vegs. Øystein Moe var som vanleg engasjert som sjåfør for historielaga.