Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor interesse for historisk vandring

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. juni 2023

Todalen historielag kan skilte med ein interessert og engasjert medlemsmasse.  Laurdag samla laget over førti deltakarar da leiar John Moe kunne ønskje velkomen til historisk vandring ved Vestrum og Talgø gard.  Når ein nøstar opp så er det heilt utruleg kor mykje som har skjedd i den tida det har vore busetting her, og det fekk vi høyre mykje om i dag.

Pause i skogen ved tuftene til Trøa. Herifrå kom forfedrane til Talgøyfamilien på Meisingset. Foto Jon Olav Ørsal

Først gjekk turen bortom elva til Råa, der Vestrum hadde kulturbeite for kyr og sauer, og vidare passerte vi Hjellen, Rabben  og Trøa som også hadde spor etter dei som har budd her.  På Trøa, der det sist var busetning fram til 1879, flytta folket til Eide, og flytta like godt med seg våningshuset. Herifrå var restane av fjøset bruka til å bygge verkstaden på Vestrum.  Elles var det murar som står att som det einaste sporet etter eit kvernhus i eit elvafar. På runden til Råa og Trøa fulgte vi den nye turstien som Kjell Gunnar Polden har jobba med i det siste – den blir nok etter kvart innlemma i TILs turprogram?

Karen Johanne Talgø bur på Vestrum, og ho har samla mykje info om Vestrum og Talgø oppgjennom tida og kunne ause av sin kunnskap til publikum. Foto Jon Olav Ørsal

Vidare gjekk vandringa over brua og utover turstien til Vestrum, der Karen Johanne Talgø stod klar med historia om Holet, Vestrum og Talgø – og folket og busettinga der. Holet var ein buplass som låg nedmed elva, og vart etter kvart flytta dit husa på Vestrum står i dag.  Vestrum var ein husmannsplass under Talgø og var vel egentleg tiltenkt som kårbustad.  Først på 1900-talet var verkstaden bygd, og her starta vel brørne Sverke og Nikolai med møbelverkstad i lag, før Nikolai flytta til Elvestad og etablerte eigen verkstad der.  Sverke fortsatte på Vestrum og seinar overtok sonen Ottar og dreiv verkstaden heilt til han vart pensjonist i 1984.  Ei tid hadde dei fleire tilsette her i verkstaden – på det meste 7 stk.  

Verkstaden som Sverke Talgø etablerte og som Ottar Talgø seinare tok over. Verkstaden står nærast intakt som eit industrimuseum i småskala. Odd Harald Talgø orienterte om det som har foregått i verkstaden, der dei i eldre tid laga bl.a. likkister og diverse småmøblar. Foto Jon Olav Ørsal

På Vestrum og Talgø hadde dei kvart sitt kraftverk – fleire av maskinene på verkstaden hadde motor som gikk på likestraum, og i tillegg hadde dei straum til bustaden.  På Talgø var det oså straum til likestraummotor i sagbruket i tilleg til hushaldet – straumproduksjonen vart etter kvart utfasa og nedlagt, når Todalen kraftlag bygde ut for distribusjon av «Aura-kraft».

På Talgø har det budd folk sia 1600-talet, men husa har stått på den plassen dei står i dag sia 1812. Familien som har Talgø gård no, flytta hit i 1986, da Karin og Finn Talgø tok over.  Anita Talgø som sit som eigar av Talgø gard i dag orienterte om den nyare tida på Talgø, og kva som har skjedd i nyare tid. – Det har vore investert mykje, både i jordbruket og skogbruket, med nye skogsbilvegar både i Huslia og i Fjøslia.  Etter storflaumen i 2003 vart det bygd ny bru over Toåa, og det er gjort mykje utbetringarbeid på skogsvegane etter flaumen.  

 

Anita Talgø som i dag er oppsittar på Talgø viste rundt på stabburet som i deg er restaurert og fungerer nærast som eit gardsmuseum. Foto Jon Olav Ørsal

Husa er også restaurert, både Gammelstua, Hovudhuset og stabburet.  I 2020 vart gammelstua totalskadd i brann, og her er det no under bygging eit nytt hus som snart er innflyttingsklart.  – No er det sagbruket som står for tur, og etter kvart vil det bli restaurert, fortalte Anita Talgø til ei lydhørt publikum.  

I gardstunet på Talgø gård hadde Anita og Karen Johanne diska opp med kaffe og kaker til heile gjengen.  Her var det både skuffekaker, kanelsnurrar og mykje anna godt.  I det fine vêret vart det ein lang kaffepause før ein kom igang att med programmet.  – Anita vista da rundt i det gamle stabburet som no er heilrenovert, og det er etablert eit slags gardsmuseum, der det er litt av kvart å sjå.  Loddsal og trekkjing stod også på programmet, og den eine etter den andre vart heldige vinnarar – og lotteriet ga ei kjerkoma intekt til historielagets kasse.  

Litt kultur på tampen – Kjell Gunnar Polden er Hyldbakkfan, og han song «Nordmørsminne» og deklamerte «Ita Kvitløk» til publikum. Foto Jon Olav Ørsal

Heilt på tampen av arrangementet var det også kulturelle innslag, der Kjell Gunnar Polden song «Nordmørsminne» av Hans Hyldbakk og deklamerte «Ita Kvitløk» av same forfattar.  Ragnhild Ansnes Moe las ei forteljing ho hadde skrive om Beret Olsd. Talgø som var 11 barns mor etter 13 års ekteskap.

Eit bildegalleri frå laurdagens historiske vandring er lagt ut nedafor – kanskje så er det nokon du kjenner?   Alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. juni 2023, 16:59