Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag: Bli med på historisk vandring med historielaget

Jon Olav Ørsal Fredag 2. juni 2023

Laurdag 10. juni inviterer Todalen historielag til historisk vandring på «Talgø-legmålet», eller om ein heller skal seie på Vestrum og Talgø gard for å være meir presis.  Historielaget har hatt stor respons på desse vandringane – vi har opplevd stor interesse og stort engasjement, seier leiar John Moe.  Denne gongen har dei mykje å vise fram og mykje å fortelje om, etter som det har budd folk som ein kjenner til heilt attover til først på 1600-talet, og kanskje enda lenger. Vandringa startar ved Vestrum, og fortsett til både Talgø Gard, Kokkhuset, Vassosen og kanskje til Trøa.

Vestrum – her starta Sverke Talgø med møbelverkstad. Foto Jon Olav Ørsal

Oppsittarane og historielaget sitt på mykje informasjon dei vil formidle, og vi får nok høyre om både folket, husa og litt om gardsdrifta og skogdrift, møbelproduksjon og ikkje mindre enn to kraftverk.
Reserver datoen som er laurdag 10. juni og klokkeslettet som er kl. 12  –  historielaget sørgjer for kaffe og kaffebrød!    Alle er velkomne til å bli med!

Parkering – det er god plass til parkering ved reiskapshuset på Talgø Gard. (Kjør nedover mot brua)

Talgø Gard – her har det budd folk sia 1600-talet og kanskje enda lenger. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 2. juni 2023, 08:00 - Sist oppdatert: 10. juni 2023, 17:15