Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen historielag Arkiv

Vi fann 314 artiklar i dette arkivet.


Bruk nynorsk i nynorskveka!

Dordi Jorunn Halle Måndag 5. mai 2025

Dei siste åra har målrørsla markert 12. mai som nynorskdagen. Årsaka er enkel: Det var 12. mai 1985 at Stortinget vedtok å jamstille nynorsk og bokmål (landsmål/norsk og det almindelige bogsprog/dansk) som offisielle språk i Noreg. I år er aksjonen utvida til nynorskveka frå og med 6. mai til og med 12. Det var den 6. mai i 2014 at Stortinget vedtok den nynorske utgåva av grunnlova. Det er det god grunn til å markere, meiner vi.


Markering av frigjerings- og veterandagen i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. mai 2025

Torsdag 8. mai er det 80 år sidan alle tyske styrkar kapitulerte og la ned våpena, og den andre verdenskrig var slutt i Europa. Dei tre historielaga i kommunen, Nordmøre Forsvarsforening og Surnadal kommunen har gjennom eit samarbeid laga eit fint program for årets markeringar av Frigjerings- og veterandagen ved kyrkjene i Åsskard, Stangvik og Todalen.




Målprisen til Astrid Asheim Aubert

Dordi Jorunn Halle Tysdag 18. mars 2025

Melding frå Nordmøre Mållag:

På årsmøtet i Nordmøre Mållag laurdag 15. mars mottok Astrid A. Aubert Målprisen for 2024.



Årsmøte i Surnadal heimbygdlag

Dordi Jorunn Halle Måndag 24. februar 2025

Surnadal heimbygdlag kallar inn til årsmøte på Hammerstuene måndag 10. mars 2025 kl. 18:00.


Repeterte trafikkreglar – stort engasjement

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. februar 2025

Todalen Historielag inviterte tysdag kveld interesserte til å bli med på oppfrisking av trafikkreglane.  Trafikklærar Stine Arntsberg frå Trollheimen trafikkskole var innhyra som fagperson for å friske opp kunnskapen om korleis vi skal oppføre oss i trafikken. Ho klarte å engasjere deltakarane og det tok ikkje lang tid før temaet var rundkjøringer og spørsmål om korleis ein skal bruke blinklyset og korleis ein skal opptre i rundkjøringer med tanke på vikeplikt.


Lars Talgø og brurekronene hans

Dordi Jorunn Halle Torsdag 14. november 2024

Indre Nordmøre senioruniversitet inviterte onsdag 13. november til møte i Surnadal kulturhus. Temaet var «Lars Talgø og brurekronene hans». Bjørn Austigard heldt eit engasjert og interessant foredrag om Lars frå Taløyan i Todalen som laga så fine og forseggjorde brurekroner.


I dag: Klart for bokslepp i Historielaget

Jon Olav Ørsal Sundag 10. november 2024

Søndag 10. november kl 15:00 inviterer Todalsen historielag til tradisjonelt bokslepp for å presentere årsskriftet for 2024, som er nr 23 i rekkja.  Årsskriftet byr på 82 sider med variert historisk stoff – for det meste kortreist lokalhistorie både frå gamal tid og litt nyare stoff i fin blanding.


Held tradisjon i hevd – lærte kunsten å lage soplimar

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. oktober 2024

Å lage soplimar var såkalla «eldsjøsarbeid» i gamle dagar – det vil seie at det var noko ein kunne gjera utan at ein hadde god belysning.  Onsdag kveld var det kurs i soplimproduksjon i fjøset på museet på Åsen.  Med Gudmund Kvendset som instruktør fekk kursdeltakarane god innføring korleis ein skulle utføre det gamle handverket.


Inviterer til sopelimekurs

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. oktober 2024

Todalen historielag og Nordmørsmusea inviterer til soplimekurs onsdag 30. oktober klokka 18.00 på Åsen bygdemuseum.