Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Marit T. Husby var første kvinnelege lærar i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 14. april 2024

Marit T. Husby (12.2.1853 – 7.8.1955) frå Husbytrøin i Todalen var den første kvinnelege læraren i noverande Surnadal kommune. Ho var vart tilsett som lærar i storkretsen Bele i daverande Åsskard kommune, som frå 1.1.1965 vart ein del av Surnadal kommune. Ho var lærar i Belagrenda, Bæverfjorden, Bæverdalen og av og til i Bøfjorden. Ho var lærar her i 26 år, i perioden 1877 – 1903.

Marit var søster av Ole Husby som i si tid bygde Falløya i Brusetmarka. Odd Arild Sande, som er ein fjern slektning av dei har sendt oss ein reportasje frå Morgenavisen 23. desember 1954, der Marit vart intervjua, 101 år gamal. Morgenavisen kom ut i Bergen i peroden 1902 – 1984. Overskrifta på intervjuet var «Det var ulv på Møre, da Marit gjette sauene»

Vi har etter beste emne prøvd å få skanna intervjuet med Marit, men kvaliteten vart ikkje den aller beste, men håper likevel det er mogleg å få lest intervjuet. 

Intervjuet med Marit T. Husby i Morgenavisen 23. desember 1954.

  

 

Publisert: 14. april 2024, 08:44