Melding frå Todalen historielag
Snart er det tid for lansering av årsskriftet for året 2023, det skjer i Todalen ungdomshus søndag 12. november.
Vi fann 267 artiklar i dette arkivet.
Snart er det tid for lansering av årsskriftet for året 2023, det skjer i Todalen ungdomshus søndag 12. november.
Laurdag 7. oktober inviterte husflidslaga i Rindal og Surnadal til programkveld i Surnadal kulturhus med tema «Bunaden vår. Nordmørsbunaden, Farstadvesten og Rindalsbunaden». Unni Irmelin Kvam, Grethe Farstad Hjertaker og Ole Kristian Gundersen kåserte om bunad og bunadbruk. Dei formidla stor kunnskap og stort engasjement om temaet.
Onsdag kveld inviterte Stangvik historielag og Nordmørsmusea avd. Surnadal til temakveld med seterhistorie på plakaten. Erling Myrbostad og Lars Gudmund Røen frå Stangvik historielag avslørte ein imponerande kunnskap om seterlivet, byggeskikkar og praktiske løysingar som gjorde at seterstølane var plassert slik dei var.
Stangvik Historielag og Nordmørsmusea avdeling Surnadal inviterer til temakveld på Åsen bygdemuseum, onsdag 4. oktober klokka 18:00. Emne for temakvelden denne gongen er seterhistoria.
Husflidslaga i Surnadal og Rindal arrangerer temakveld om bunadene våre laurdag 7. oktober i Surnadal kulturhus. Arrangementet startar kl. 17:30 med utstilling. Temakveld med kåseri og underhaldning i Storstuå kl. 19:00.
Ane Thingstad har arbeidd i kaffeen i arboretet i sommar, og synest ho har hatt den beste sommarjobben som tenkjast kan.
Under familiedagen i Bondehuset var det forskjellige aktivitetar og utstillingar både ute og inne.
Tida etteer raset i 2013 vart det lagt ut mange nyheitssaker her på Todalen.no. Sakene ligg framleis på Todalen.no i arkivet for juli og august 2013, og kan hentast fram i dagen dersom du har lyst til å friske oppatt det som skjedde på den tida. Vi har lagt alle linkane på denne sida for å gjera det enkelt for deg som lesar – attafor linken ligg datoen da sakene vart lagt ut og denne høyrer sjølvsagt ikkje til linken.
Under familiedagen i Stangvik 28. juli var det også opning av kunstutsillingar i «Galleri Bondehuset». To av kunstnarane der var Brit Dyrnes og Jørgen Moe.
Stangvik Grendalag og Stangvik Historielag inviterte fredag 28.juli til kunstvandring langs «Den Trondhjemske postevei». Og ikkje mindre enn 150 personar var med på vandringa frå Vang til Bondehuset i Stangvika.
Laurdag 8. juli inviterte Stangvik historielag til busstur utover til Averøya og Hustadvika kommunar; det vart ein svært så triveleg, interessant og lærerik tur i strålande sol! Heile 38 personar var med på turen. Ansvarlege for tur og opplegg var Lars Gudmund Røen, Marit Haugen, Mette og Lars Steinar Ansnes med støtte frå John Moe frå Todalen historielag.
Tysdag kveld var representantar frå idrettslag, historielag og bøgdalag inviterte til eit idemyldringsmøte på Todalshytta for det vidare arbeidet med gjenbruk av den nedlagte skulebygninga. Møtet var initiert av kommunen ved kommunedirektør Knut Haugen og ordførar Margrete Svinvik, som eit ledd av prosessen som starta etter fellesmøtet på mai i fjor. For dei som treng ei oppfriskning vart det her bestemt at bygda, kommunen og andre interessenter fekk tre år på seg til å finne gode alternativ til gjenbruk, før ein tok den endelege avgjerda vidare for byggningane på den nedlagte skulen.