Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellykka ettermiddagskaffe – mykje folk, god servering og god stemning

Dordi Jorunn Halle Sundag 18. februar 2024

Todalen historielag inviterte til ettermiddagskaffe søndag 19. februar – avslutningsdagen for VM i skiskyting i Nove Mesto. Leiar i Todalen historielag ønskte vel møtt, og han var overraska over det gode oppmøtet; – det var fullt rundt alle bord!

Programmet denne dagen var biletekviss, Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe hadde sett saman ein interessant og variert kviss. Det var stort engasjement og diskusjon rundt borda.

Kvissmestrane: Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Her er det døme på oppgåver:

Serveringa var topp, riktig gode bakels med graut! Graut og bakels er både tradisjonsmat og festmat som set ein spiss på alle samankomster. Det var salg av årer, alle årene vart utselde to gonger. Ein effektiv og lettvint måte å arrangere loddsalg på!

Leiar John Moe orienterte om programmet framover: Tysdag 19. mars er det årsmøte, laurdag 25. mai er det kulturvandring i Svinvika. Torsdag 4. juli blir det busstur til Smøla med tettpakka program, mellom anna besøk på Myrmuseet og middag på Havkroa.

Rgnar Halle, nestleira i historielaget, serverer kaffe. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Ein fornøgd gjeng – «Laget hass Anders» fekk flest poeng i kvissen. Frå venstre: Dordi Jorunn Halle, Marit Sanden Søyset, Eivind Grønmyr med premien, Anders Halset, Jorunn Husby og Reidar Østvik. Bak kamera: John Moe.

Ettermiddagskaffe, her ventar dei på graut og bakels! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Busstur til Oslo i 1965 for å vise fram Romådalshelg i Nordmørslaget. Frå arkivet til Todalen historielag.

Arne K. Bruset og Erling Talgø ved hytta i Litjbotna. Frå arivet til Todalen historielag.

Svar på spørsmåla. Nr. 11: Berit Halle frå Tussebu. Nr. 1: Lisbet Kårvatn. Nr. 19: Prest Louis Carl Albert Fûrwald.

 

 

Først publisert: 18. februar 2024, 19:20 - Sist oppdatert: 19. februar 2024, 13:14