Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Alt klart til historielaga sin busstur

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 4. juli 2023

Alt er no klart til Stangvik historielag og Todalen historielag sin busstur laurdag 8. juli. Turen i år går til Bud i Romsdalen. Her blir det omvisning på Kystfortet og guiden vår vil fortelje oss litt ekstra «Bud-historie».

Bussen starter frå Matkroken Todalen klokka 08:00. Det blir stopp ved Stangvik skule på Evenshaugen ca klokka 08:15, der det er god plass for  parkering. Ferjeavgang frå Kvanne klokka 08:30. Neste stopp for påstigning blir ved Fossheim i Ålvundfjorden. Om nokon ønsker å gå på bussen utanom andre stoppestadar, så er dette avtalt ved påmelding

Så går turen vidare med stopp ved Bjartmars favorittkro på Kårvåg, der det blir servert kaffe og kakestykke. Lars Steinar og Mette Ansnes møter bussen på Averøya og blir med som guidar derifrå til Bud. Etter omvisning på kystfortet blir det buffet med dessert på Bryggjen i Bud rundt klokka 14:00. På Bryggjen i Bud skal det vere utruleg god mat, går det rykter om!

Prisen for turen, som inklusive omvising på Kystfortet, kaffe med kake på Bjartmars favorittkro og buffet med dessert på Bryggen, blir kroner 800,- per person. Betalinga skjer på bussen med kontantar, Vipps eller giro.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 4. juli 2023, 07:12