Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen historielag Arkiv

Vi fann 268 artiklar i dette arkivet.


Godt årsmøte i historielaget

Dordi Jorunn Halle Tysdag 16. juni 2020

Tre månader etter plana vart det 16. juni årsmøte i Todalen historielag, koronapandemien sette stoppar for årsmøte i mars. Godt og vel 20 personar møtte fram i det fine veret, det var leiar John Moe godt fornøgd med da han ønskte vel møtt. Han er også fornøgd med at historielaget no har 200 medlemmer!


Årsmøte i Todalen historielag

Dordi Jorunn Halle Måndag 15. juni 2020

Historielaget minner om at dei arrangerer årsmøte i Todalen ungdomshus tysdag 16. juni kl. 19.30. Vanlege årsmøtesaker og orientering om arbeidet framover.


Hjellnessetrene fra Todalen historielag

Mari B. Redalen Måndag 15. juni 2020

I serien med bilete frå setrene er vi no komne til Hjellnes. I Seterbok for Todalen, skrive av Bernt Bøe, kan du lese om historia til setrene og seterlivet. Boka kan kjøpast ved å ta kontakt med Todalen historielag.


Haugasetra fra Todalen historielag

Ingri og Ragnhild i scannarpatrulja Sundag 7. juni 2020

Todalen historielag er klare med vekas seter, denne veka er vi komne til haugasetra.


Kvennsetdalen fra Todalen historielag

Mari B. Redalen Måndag 1. juni 2020

Denne gongen har vi teke fram bilete frå Kvennsetdalen. Om setrene og seterlivet i dalen kan ein lesa i Seterbok for Todalen.


Årsmøte i Todalen historielag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. mai 2020

Det blir årsmøte i Todalen historielag tysdag 16. juni kl. 19.30 i Ungodmshuset. Vanlege årsmøtesaker, og skannarpatrulja viser bilete frå arkivet.


Romådalen del 3 indre setrene.

Ragnhild og Ingri i scannarpatrulja Sundag 24. mai 2020

Idag har vi kome til Indre Setrene i Romådalen i den populære serien fra Ingri og Ragnhild, scannerpatruljen i Todalen Historielag. Heldigvis har vi fleire leigmål i vente utover forsommaren 


Husbysetrene i Romådalen del 2

Ingri og Ragnhild i scannarpatrulja Sundag 17. mai 2020

Bileta vi har plukka frå fotoarkivet til Todalen historielag denne gongen er frå Husbysetrene som ligg i Romådalen, om lag midt imellom Ytre- og Indre Halasetrene. I boka Seterbok for Todalen, skrive av Bernt Bøe, frå side 123 til og med side 138 kan du lesa historia om setrene som høyrer Husbygardane til. Boka kan kjøpast ved å ta kontakt med Todalen historielag


Ytre setrene i Romådalen fra Todalen historielag.

Ingri og Ragnhild i scannarpatrulja Måndag 11. mai 2020

No har vi komme til Romådalen på vår arkiv-visning. Vi deler Romådalen opp i tre bolkar for vi har så mange bilete i arkivet. I dag kan du gjera deg betre kjent med Ytre Setrene i Romådalen.


Kårvatnleigmålet fra Todalen historielag

Ragnhild og Ingri i scannarpatrulja Sundag 3. mai 2020

Her kjem nye bileter fra historielagets scannerpatrulje og denne gongen fra Kårvatnleigmålet. Kanskje ser du gamle kjente?


Brusetleigmålet fra Todalen historielag

Ingri og Ragnhild i scannarpatrulja Sundag 19. april 2020

Vi held fram med å sette saman bilete frå fotoarkivet til Todalen historielag. Vi har i tillegg supplert med nokre private bilete. Denne gongen har vi teke for oss bilete frå Brusetsetra med løer og hytter på Brusetleigmålet. Når det gjeld historia om setrene og seterlivet så viser vi til boka Seterbok for Todalen


Øyaleigmålet med setre og hytter fra historielaget

Ingri og Ragnhild i scannarpatrulja Sundag 12. april 2020

Pga koronaviruset er nesten all aktivitet utsett eller avlyst, og det blir mindre å skrive om for todalen.no.

I det høve vart skannarpatrulja spurt om vi kunne leggje ut bilete på nettsida ei stund framover. Vi har sett saman bilete av setrene/hyttene og folk i ulike motiv frå kvart leigmål. Frå nokre leigmål har vi mange bilete, frå andre finst det lite i arkivet. Håpet vårt er at dette arkivet kan bli så omfattande som muleg, det er mykje historie frå ei tid der setra og seterdrifta var særs viktig for forfedrane våre.