Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brusetleigmålet fra Todalen historielag

Ingri og Ragnhild i scannarpatrulja Sundag 19. april 2020

Vi held fram med å sette saman bilete frå fotoarkivet til Todalen historielag. Vi har i tillegg supplert med nokre private bilete. Denne gongen har vi teke for oss bilete frå Brusetsetra med løer og hytter på Brusetleigmålet. Når det gjeld historia om setrene og seterlivet så viser vi til boka Seterbok for Todalen som Bernt Bøe har skrive. Ein kan henvende seg til Todalen historielag for å få kjøpe boka. 

Om du finn faktafeil eller har andre opplysningar om bileta ta gjerne kontakt på e-post til ragnhild.ansnes.moe@pipelife.com eller ingri.bruset@gmail.com 

Vi har no skanna bilete for historielaget i over 10 år. Arkivet begynner å bli omfattande, men det kan bli enda større. Så når tidene blir «normale» igjen så håpar vi at de tek kontakt med oss så vi kan halde fram med å skanne bilete. Det er ein rikdom for bygda vår å dokumentere historia gjennom eit biletarkiv vi kan ha for ettertida.

Helsing Ragnhild og Ingri.

 

Publisert: 19. april 2020, 21:24