Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt årsmøte i historielaget

Dordi Jorunn Halle Tysdag 16. juni 2020

Tre månader etter plana vart det 16. juni årsmøte i Todalen historielag, koronapandemien sette stoppar for årsmøte i mars. Godt og vel 20 personar møtte fram i det fine veret, det var leiar John Moe godt fornøgd med da han ønskte vel møtt. Han er også fornøgd med at historielaget no har 200 medlemmer!

Frå venstre skrivar Wenche, leiar John og kasserar Sven Olav. Foto: Dordi J H

Årsmeldinga syner at laget hadde god aktivitet i 2019. Det starta med ettermiddagskaffe i januar; Helge Husby heldt foredrag og viste bilete frå slaget i Gratangen i 1940. Her var det fullt hus. Seinare vart det filmkveld med mange interessante filmar om lokale tema og møte med kjentfolk. Svein Åge Saksen har eit rikhaldig og spennande arkiv; han har dokumentert mykje lokalhistorie og har mykje å syne fram på filmlerretet. I tillegg var det ei flott kulturvandring i Husbygrenda, temamøte om stadnamn og bokslepp – alle arrangement med god deltaking!

I lag med Stangvik historielag var det i juni 19 arrangert ein vellukka busstur til Torjulvågen og Frei, full buss og godt ver!

Kvart år gir historielaget ut årsskrift; viktig lokalhistorisk arbeid, slo leiar John Moe fast. Han takka skriftstyret for vel utført arbeid.

Rekneskapen syner at historielaget har god økonomi. Medlemskontingenten er uendra, 200 kroner for enkeltmedlem og familiemedlemskap 250 kroner. I 2019 gav laget 20 000 kroner til Todalen kyrkje, øyremerka reparasjon av orgelet. No fungerer orgelet godt, og organisten er godt fornøgd.

Valet gjekk greitt, og det nye styret er slik: Leiar John Moe, nestleiar Ragnar Halle, kasserar Sven Olav Svinvik, skrivar Wenche Østenby Kvendset, styremedlem Sissel Halset Storslett. Varamedlemmer til styret Åse Ville Redalen og Knut Halset. Valnemnd: Kristian Gjeldnes og Ola Bruset. Revisorar: Anders Talgø og Kristen Bruset.

Svein Åge Saksen og Dordi Jorunn Halle gjekk ut av styret. Dei fekk takk og blomster frå leiar John Moe. Foto: Ragnhild A M

Våren vart heilt annleis enn det som var planlagt; alle arrangement har vore avlyste eller utsette. Men no er det håp om å ha kulturvandring på Hala 8. august.
Historielaget arbeider med å få laga og sette opp namneskilt i Gammelvegen/Svinvikrunden. Her er det mange stadnamn; og det er viktig å ta vare på namna før dei går i gløymeboka.

Ragnar serverer bakels til Ragnhild. Foto: Dordi J H

Etter kaffipause med koronatilpassa servering av gode bakels, viste skannarpatrulja, Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe, bilete frå arkivet. Her vart det vist kjøle mange artige og interessante bilete som publikum sette stor pris på. Det vart mange kommentarar; og det kom fram gode historier og opplysningar om bileta. Kjekt! Historielaget har no eit stort og verdifullt biletarkiv.

Eit av bileta som Ingri og Ragnhild viste fram var eit avisutkilpp frå 1975. Dette biletet kalla fram mange minne, og det vart fortalt mange historier om det som hende. Fotball-laget i Todalen skulle til Veidholem for å spele kamp mot Væring. Dei leigde båtskyss frå Valsøyfjord for spelarar og heiagjeng; det vart ikkje heilt vellukka. Det var eit under at båten ikkje grunnstøtte, og dei kom ein og ein halv time for seint til kampen mot Væring. Todalen tapte kampen laurdag, men vann dagen etter. Da folket skulle heim att søndag, var det berre to personar som torde å reise med båten, dei andre reiste med buss.

2019 var eit godt og aktivt år for Todalen historielag, og todalen.no ønsker laget lykke til med arbeidet vidare.

Fleire bilete:

Åse serverer kaffe til Anders. John ser etter at alt går rett føre seg. Foto: Dordi J H

Godt å ta kaffipausen ute i finveret. Foto: Dordi J H

Først publisert: 16. juni 2020, 23:53 - Sist oppdatert: 17. juni 2020, 08:18